Isande kald vind står inn over kaien ved Bakkasundet i Austevoll. Dei to naboane på kaien vil begge byggje utleigehytter, og i følgje kommuneplanen er begge tomtene regulerte til same føremål.

Men der stoppar også likskapen. For av Fylkesmannen i Hordaland si miljøvernavdeling får ikkje Fløisand lov til å fylle ut ei vik på eigendomen. Men fleire naboar har fått lov til langt større inngrep.

Sidan 1999

Nabotomta fekk klarsignal til å fylle ut sitt moloanlegg etter at Fløisand fekk avslag.

— Fylkesmannen har vist ein ekstrem interesse for akkurat mitt område, seier Fløisand.

Fløisand, som til dagleg er regionsjef i JM Byggholt, meiner grunnen er gamle feider. Tidlegare har han som Byggholt-sjef hatt fleire konfliktar med Fylkesmannen.

Blant anna har han offentleg kritisert miljøvernavdelinga for å gripe inn for ofte. Han meiner hans eiga sak er takk for sist.

— Eg oppfattar engasjementet som at nokon skal ta oss. Det blir som ein personleg vendetta, seier Fløisand.

— Naboen får fylle ut tusenvis av kubikk med stein, medan eg ikkje får byggje ein mur. Det er absurd, meiner Fløisand.

Byggjesøknaden hans starta i 1999, og har gått mange rundar sidan den gong. Fløisand meiner miljøvernavdelinga til Fylkesmannen bevisst har trenert saka.

- Enormt engasjement

— Det er snakk om stein som ligg i ei vik. Hadde det vore snakk om å verne området eller andre gode grunnar, kunne eg skjønt problemet, seier Fløisand.

Ved fjære er det mogleg å gå tørrskodd over vika. I følgje Fløisand vil han fylle ho igjen for å skåne den grøne haugen rundt. Den, meiner han, måtte han elles ha sprengt seg inn i for å få plass til ei hytte på tomta.

Ordførar i Austevoll, Helge Andre Njåstad, støttar Fløisand si byggjesak. Også han er forundra over Fylkesmannen.

— Eg registrerer det enorme engasjementet Fylkesmannen har lagt i saka. Vi er opptekne av å handsame likt, og vi veit kva som er på nabotomta, seier Njåstad.

Etter at Fylkesmannen, Fløisand og Austevoll kommune ikkje vart einige, går saka no til Miljøverndepartementet.

— Det skal bli interessant å sjå saka der. Mi vurdering er at Fylkesmannen er på tynt juridisk grunnlag, seier Njåstad.

- Vil bevare strandsona

Miljøvernsjef i Hordaland, Terje Aasen, seier at han kjenner seg på trygg grunn. Han meiner det ikkje betyr noko at dei to tomtene går over i kvarandre.

— Her vil vi bevare ein del av strandsona. Meir er det ikkje å seie om den saka, seier Aasen.

Seksjonssjef for miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland, Anniken Friis, er ikkje med på at det ligg skjulte motiv bak denne saka, slik Fløisand hevdar.

— Dette har ikkje noko med han som person å gjere. Vi har gjort framlegg om motsegn til reguleringsplanen fordi vi meiner den er i strid med nasjonale mål for bygging i strandsonen, seier ho.

Vidare forklarar Friis at tomta til naboen ligg inne i ein annan reguleringsplan.

— Det er rett at denne planen er godkjent utan motsegn frå Fylkesmannen. Likevel er det ikkje slik at løyve til å byggje i eitt område legitimerer bygging i tilliggjande område. Vi vurderer alle planar i forhold til den overordna kommuneplanen, seier seksjonssjefen.

Ho har likevel forståing for at Fløisand synest handsaminga har tatt lang tid.

— Det har vore mange saker til handsaming, og eg forstår at det kan vere frustrerande at det tek så lang tid. Gjennomgang av denne reguleringssaka viser at det diverre har vore mykje uryddig sakshandsaming, også frå kommunen sin side, seier Friis.

VIL FYLLE IGJEN: Det rosa området bak flaggstanga er området Yngve Fløisand ønskjer å fylle ut (illustrasjonsfoto).
Paul Sigve Amundsen
HYTTEBYGGJAR: Yngve Fløisand trur personleg nag ligg bak at han ikkje får fylle ut to meter av denne vika. I dag ligg det ei steinrøys der han vil byggje hytte.
Paul Sigve Amundsen