Alt i alt har stillinga som overlege ved Bergen fengsel vore utlyst fire gonger sidan juni i fjor. Men til ingen nytte. Det er ikkje kome inn ein einaste søknad. Ingen vil vere lege for dei cirka 250 innsette i Bergen fengsel.

Sidan august har Bergen fengsel hatt ein mellombels avtale med ein lege, som kjem éin dag i veka. Resten av tida er han berre tilgjengeleg på telefon etter behov.

— Tilbodet kan ikkje kallast uforsvarleg, men 3-4 dagar i veka bør vi ha lege her på huset, seier leiar for helseavdelinga ved Bergen fengsel, Bente Lussand.

Må vente 2-3 månadar

Det er ikkje uvanleg at innsette må vente både to og tre månadar for å kome til hos lege. I akutte situasjonar blir pasientar eskortert til Legevakten.

— Helsetilstanden til innsette er generelt dårleg, og kan ikkje samanliknast med populasjonen elles. Folk flest synest det er frustrerande å gå og vente på å kome til hos lege. Men for innsette er det dobbelt så tungt, forklarar Lussand:

— Når folk sit isolerte i fengsel, aukar ofte symptoma. Dei har lite anna å ta seg til enn å gå og vente på å få snakke med lege om det dei er redde for.

- Belastande stilling

Behovet for lege ved Bergen fengsel tilsvarer ei full stilling. Inntil juni i fjor delte to legar stillinga, men begge sa opp då fastlegeordninga vart innført.

For å gjere stillinga meir attraktiv, er den blitt oppgradert til overlegestilling, med opning for forsking og utvikling. Utlysinga vart sendt til alle legekontor i Bergen og omegn - utan at det hjelpte på søknadsbunken.

Helse- og sosialsjef Christen Larsen i Åsane bydel, som har det administrative ansvaret for fengselshelsetenesta, ser alvorleg på situasjonen. Han trur det er fleire forklaringar på at ingen vil ha jobben.

— Denne overlegestillinga er ei spesiell og utfordrande legeteneste. Det er pasientar både med somatiske og psykiske lidingar, det er ein del rusproblematikk og doble diagnosar, fortel han.

— At personalet har ekstratillegg for å jobbe i fengsel, seier også noko om at det er meir belastande å jobbe i Bergen fengsel enn utanfor.

— Kva med å gjere løna endå betre?

— Klart at betre betaling kan vere eit effektivt tiltak. Berre sjå kva fastlegeordninga er verdt no. Vi må huske at denne stillinga konkurrerer med andre fastlegestillingar, som er vel så godt betalte, seier Larsen.

FORSVARLEG, MEN IKKJE GODT: Bergen fengsel har lege berre ein dag i veka. - Tilbodet kan ikkje kallast uforsvarleg, men 3-4 dagar i veka bør vi ha lege her på huset, seier leiar for helseavdelinga ved Bergen fengsel, Bente Lussand.<p/>
FOTO: GIDSKE STARK