— Dei fleste bryr seg ikkje om fartsgrensa, seier Norolf Sunde (74) om trafikken av hurtiggåande båtar gjennom det tronge Lukksundet som bind Bjørnafjorden og Hardangerfjorden saman.

Sunde bur ved brufestet på Tysnes-sida og har gitt opp å fortøya båt ved eigen kai nær huset. I begge endar av leia er det skilt som forklarer at maksimal tilleten fart er ni knop.

Stor trafikk

Om sommaren er det stor trafikk av småbåtar gjennom sundet, og mange nyttar farvatnet til fiske. Kvar dag susar Hardangerfjordekspressen mellom Rosendal og Bergen forbi, utan å slå ned marsjfarten på kring 30 knop.

FULL FART: Mange fartøy går gjennom Lukksundet med langt større fart enn tillaten farstgrense på 9 knop.
Helge Sunde (arkiv)

— Vi har hatt dispensasjon sidan vi starta ruta i 2007, seier dagleg leiar Lars A. Rødne i Rødne Fjord Cruise som opererer snøggbåtruta.- Det er jo heilt demoraliserande når ein slik båt kan passera i 30 knop og andre skal gå med maks ni knop, seier Thor Olsen frå Sotra som ofte går med seglbåt gjennom Lukksundet.

Olsen har vendt seg til Kystverket og bede om forklaring på det han meiner er eit misforhold mellom fartsregulering og dispensasjonar frå denne.

— Det hadde ikkje kosta snøggbåten mange minuttar å sakka ned, seier Thor Olsen.

Lite klager

— Det er eit spesielt og smalt område, med lite hus og folk langs leia. Båten vår lagar lite bølgjer, og vi har ikkje fått mange klager, seier Lars A. Rødne.

Det går ikkje lenger an å ha båtlending ved Lukksundet, meiner Norolf Sunde. Bølgjer frå passerande båtar undergrev kai- og naustfundament.

— Og så er det noko med draget i sjøen som ein del fartøy lagar, sjølv om bølgjene kan vera små. Draget kjem i rolege rørsler, men er kraftig, seier Sunde.

Rettssak

I 1995 gjekk ein annan bebuar ved sundet til rettssak mot dåverande HSD for å få erstatning for eit øydelagt naust som følgje av skader påført av sjø frå selskapets snøggbåt. Han tapte erstatningskravet i Midhordland heradsrett, men HSD lova å respektera fartsgrensa for framtida.

— I dag er det få som respekterer skiltet. Eg har ikkje høyrt om at politi eller kystvakt har teke ein einaste båtførar for brot på farstgrensa, seier Norolf Sunde.