Hordaland fylkeskommune sa først blankt nei til fjerning av flydelar frå fjelltoppen der ein Focke-Wulf Condor styrta under krigen, nærare bestemt 3. juledag 1942, og mannskapet på seks omkom. Winston Churchill kalla flyet «Atlanterhavets svøpe».

Seinare endra fylkeskommunen meining, og vedtok at flydelar kan fjernast for kopiering, og leggjast attende.

No har dei gått med på at tyskarane kan få dei delane som er vitale for prosjektet deira.

Meiningslaust

— Det dreier seg om fire-seks delar. Den største er ein yttervinge, seier saksutgreiar Stein Ottosen i fylkeskommunen.

— Kvifor endra standpunkt?

— Tyskarane har forklart at dersom dei skal laga kopiar av delane, må dei først retta ut bulkar og reparera skader. Det er litt meiningslaust på legga reparerte delar attende blant dei skadde. Då er det ikkje lenger eit autentisk flyvrak.

Mange små delar av flyvraket er fjerna av turgåarar som har teke med seg suvenir i løpet av åra som har gått sidan krigen. Først då tyskarane melde si interesse, vart vraket mellombels freda. Ein norsk flyentusiast har samla delar for tyskarane blant folk som har henta suvenirar frå fjellet tidlegare.

Konflikt

Flymuseet i Bodø har støtta det tyske prosjektet. Resonnementet er at minnet om flytypen og hendinga vert teke betre vare på, og gjort tilgjengeleg for fleire i Berlin enn om vraket vert liggjande på Kvitanosi. Der vil det forvitra vidare, og med tida smuldra heilt opp.

Protestane let likevel ikkje venta på seg frå lokalt hald, og mellombels vern kom raskt på plass.

— Det meste vert liggjande på fjellet, men museet får vital hjelp, seier Ottesen.

Han legg ikkje skjul på at tyskarane si vitjing tidlegare i år, med utferd til Kvitanosi, har medverka til avgjerda. Det tyske prosjektet verkar seriøst, og store ressursar vert sett inn. Lufthansa, Mercedes og Rolls Roys er involvert - i tillegg til Deutsches Technikmuseum Berlin. Modellen vert bygt i Bremen, men skal flyttast til Berlin når han er ferdig.

Eineståande

Det vart laga meir enn hundre fly av denne typen, opphavleg det første større passasjerflyet som kunne fly over Atlanteren. Turen Berlin - New York tok rundt 20 timar. Under krigen vart det ombygt til bombefly, som med si store rekkjevidd gjorde stor skade for dei allierte i Atlanterhavet, noko som uroa Winston Churchill.

Problemet for museet i Berlin er at teikningane av flyet vart borte på 60-talet. Dei andre vraka som er funne, har lagt under vatn i årevis og vitale delar er øydelagde. Berre vraket som har lar lagt på fjellgrunn på Voss har dei manglande delane intakt.

Vossareklame

Kommunalsjef Gunnar Bergo i Voss kommune seier at han tek fylkeskommunen si avgjerd til etterretning.

— Vi må gjera det beste ut av situasjonen. Tyskarane opnar for omtale av hendinga på Voss i museumsutstillinga i Berlin. Det kan bli god turistreklame. Dessutan vil dei hjelpa med materiell dersom vi lagar ei utstilling på Voss, til dømes i det nye kulturhuset, seier han.

Bergo legg vekt på at det aller meste av flyvraket blir liggjande att på Kvitanosi. Der har kommunen nyleg sett opp ei informasjonstavle.

VAKSDAL HISTORIELAG
Bergens Tidende