Ved kai i Bulandet ligg brønnbåten med det svært så passande namnet «Aqua Gutt». Fullasta med ferskvatn. Slangen er kopla på. 160.000 liter skal opp i den snart tomme tanken ved reinseanlegget til Bulandet vassverket.

Før jul gjekk drikkevassbassenget tomt. Sidan har dei 250 innbyggjarane i det vestlegaste fiskeværet i landet fått ferskvatnet sjøvegen. Frå vassverket i kommunesenteret Askvoll.

Vassgutane

Inne i kahytten sit «vassgutane». Son Torbjørn og far Atle Gjørøy syter for at dagleglivet kan gå som normalt i det livskraftige øysamfunnet. Vatnet frå «Aqua Gutt» held hjula i gang for Bulandet Fiskeindustri og andre bedrifter. Og dei syter for vatn til heimar på holmar og øyar vest i havet.

Medan brønnbåten blir tømt, tek dei to seg eit speilegg. Lossinga gjer seg sjølv.

— Det er tiande turen. Første gongen var laurdag før jul, seier Atle Gjørøy.

Båten har dei fylt om natta, tappa frå vassverket i Askvoll sentrum. Hadde dei gjort det på dagtid, ville dei tømt sentrum for vatn. Difor blir det nattarbeid. I otta la dei ut på den to timar lange turen frå Askvoll til Bulandet. Å losse tek fire timar.

Får stabil vassforsyning

Vassforsyninga til dei mange øyane i Bulandet har alltid vore eit problem. Bassenget på Langøya er lite, og held ikkje lenge i tørkeperiodar.

— Dette er vel tredje perioden vi går på like mange år, fortel Atle Gjørøy.

Det er altså ikkje første gongen bulendingane må få vatn frå fastlandet. Men truleg blir det den siste. For når det no blir bygt veg mellom naboøyane i Værlandet og Bulandet, blir det også lagt ned vassleidning i vegen. Værlandet har fleire og større ferskvatn. Den nye vassleidningen vil sikre stabil vassforsyning for bulendingane.

— Eigentleg har vatnet halde utruleg bra i år, med tanke på kor kaldt og tørt det har vore over lang tid. Eg trudde vi skulle ha starte denne trafikken langt tidlegare, seier brønnbåteigaren.

Fraktar også fisk

Dagsforbruket av vatn i Bulandet ligg på kring 80.000 liter. Men ein kapasitet på 160.000 held vatnet i lasterommet på «Aqua Gutt» i to dagar. I gjennomsnitt blir det dermed vassturar annankvar dag. For kvar tur får dei 10.000 kroner.

— Med tanke på at all industrien og den store aktiviteten som blir halden i gang på denne måten, syns eg ikkje det er store summane å snakke om, seier Atle Gjørøy.

Innimellom ferskvassturane til Bulandet, går «Agua Gutt» med fisk. Det fører til mykje reingjering av båten. Før kvar bulandstur blir båten desinfisert. I tillegg blir vatnet tilsett klor under lasting.

Men reingjering er likevel ikkje noko mannskapet på «Agua Gutt» er ukjende med.

— Regelverket for hygiene når vi fraktar fisk, er faktisk strengare enn reglane for å gå med ferskvatn, ler Atle Gjørøy.

TOMT: Ei blanding av is og myrvatn dekkjer så vidt botnen. Like før jul blei siste dråpen tappar frå vassverket på Bulandet.<p/>FOTO: ODDLEIV APNESETH