To kvinner og tre menn blir dei første som får erstatning gjennom den nye oppreisingsordninga i Sogn og Fjordane. Dei fem får 725.000 kroner kvar — til saman 3,4 millionar kroner - for overgrep eller omsorgssvikt frå det offentlege.

— Alle fem opplevde omsorgssvikt medan det offentlege skulle ha ansvaret for dei. Nokre vart også fysisk avstraffa og utsette for grove seksuelle overgrep av dei som skulle stå for omsorga, fortel Merete Myklebust i sekreteriatet for oppreisingsordninga.

Oppreisingsutvalet hadde sitt aller første møte onsdag denne veka, og består av jurist Arvid Mellingen, psykolog Wenche Søvik Myklebust og sosionom Inger Johanne Solheim. Fem saker vart handsama, der fire av søkjarane vart tilkjent ein kvart million kroner i oppreising medan den siste får ein halv million.

Dei fem kom frå kommunane Sogndal, Luster og Vågsøy, og vart plasserte på anten Statens spesialskole for stamme, Sunnmørsheimen barneheim eller Eikelund og Ulvnesøy spesialskular i Bergen. Dette skjedde frå slutten av 1950-talet og fram til og med 1970-talet. Det er såleis snakk om saker som i juridisk forstand er forelda. Alle kommunane i fylket har forplikta seg til å delta i ordninga, og må betale ut dei erstatningane som oppreisingsutvalet tilkjenner. Saman med pengane skal dei sende ei skriftleg orsaking utan atterhald.

— Vi meiner det er rimeleg og viktig at søkjarane får oppreising. Dei har hatt vonde opplevingar i barndommen, som har påverka dei sterkt opp gjennom livet, seier utvalslear Arvid Mellingen.

Dei har så langt fått inn tolv søknadar om oppreising, og desse skal handsamast i den rekkefølgja dei kjem inn. Utvalet baserer sine tildelingar på eigenerklæringar og informasjon frå offentlege arkiv. Neste møte blir 22. juni.

Frist for å søkje oppreising er 1. januar 2013.