— Eg er skuffa, men ikkje overraska over storleiken på erstatninga, seier mannen til Bergens Tidende.

Sikta for mordbrann

Kravet han reiste overfor staten var på 100.000 kroner i erstatning og oppreising, på grunn av den urettmessige mordbrannsiktinga og fengslinga.

Den tragiske brannen skjedde på Ragnarrud i Florø natt til 9. desember 2005. 44-åringen hadde nyleg fått rettsleg forbod mot å oppsøkje eks-kona, etter å ha sendt henne trugande tekstmeldingar. Han vart umiddelbart mistenkt, sikta for mordbrann og varetektsfengsla.

Men berre få veker seinare fråfall påtalemakta siktinga, etter at det var klart at brannen hadde oppstått som følgje av ein feil på det elektriske anlegget i huset.

Gjennom sin advokat Walter Høivik reiste mannen eit erstatningskrav på 100.000 kroner overfor staten.

Vil krevje ny erstatning

No har det statlege organet Justissekreteriatene avgjort at mannen fortener 20.000 kroner i oppreising og 4.500 kroner i erstatning utmålt etter lengda på varetektsopphaldet.

— Eg tykkjer staten har lagt seg på eit svært lågt nivå i denne utmålinga, sett i høve til den påkjenninga siktinga innebar for min klient, seier advokat Walter Høivik til Bergens Tidende.

— Han mista ekskona og sonen sin, og vart på toppen sikta for å ha sett på brannen der dei omkom.

Erstatningsvedtaket kan i utgangspunktet ikkje ankast, og må i så fall angripast gjennom ei sivil rettssak. Men Høivik og klienten hans meiner det har kome til nye moment i saka, og vil difor ikkje leggje den død med dette.

— Vi vil søkje om at dette vedtaket blir omgjort og at han får ein høgare erstatningssum, seier advokaten. - Dette ut frå nye opplysningar om etterverknadene og den belastninga han har vore utsett for i denne saka.

TO DØDE: En kvinne og datteren hennes omkom i brannen på Ragnarrud i Florø for tre år siden.
R.Aardals Foto as
BLE UMIDDELBART SIKTET: Mannen ble varetektsfengslet, siktet for mordbrann.
Knut Magnussen