Kor stor utbetalinga blir, står att å avgjera. Rettstvisten om korvidt Gjensidige er pliktig til å betala, vart tapt fullstendig av selskapet, som dermed må dekka kvinna si advokatrekning på 131.062 kroner i tillegg til si eiga.

Kneskaden vart i etterkant av trafikkulykka og diverse operasjonar vurdert til å gjera kvinna fem prosent medisinsk invalid.

På dette grunnlaget aksepterte ho tilbodet frå selskapet om ei utbetaling på 62.000 kroner pluss advokathonorar.

Tilbodet var basert på at jenta måtte gå om att 9. klasse på ungdomsskulen som fylgje av ulykka, og såleis kom eitt år seinare ut i yrkeslivet. Opplysningane hennar om yrkesval peika mot eit låglønsyrke, som ville gitt 50.000 kroner i netto inntekt når skatten er betalt.

Seinare har ho fått alvorlege ryggplager, og er ikkje arbeidsfør.

Ut frå helsepersonellet sine utsegner, meiner Voss tingrett at ryggplagene mest truleg har samanheng med kneskaden frå trafikkulykka for over 20 år sidan, der den involverte bilen var forsikra i Gjensidige.

Skaden i kneet har gitt skeiv bekkenstilling, og dette har ryggen kompensert ved å stilla seg skeiv andre vegen. Dette har ført til rotirritasjon (isjas) og andre ryggplager. Ein skiveprolaps vart operert på Haukeland i 1986.

I tillegg har sjølve skaden i kneet utvikla seg i negativ lei etter utbetalinga på 62.000 kroner i 1984. Ein ortoped vurderer no denne skaden åleine til 20 prosent medisinsk invaliditet.

Kneskaden gjer det umogeleg for kvinna å driva fysikalsk trening som kan motverka plagene.

Slik saka står, finn retten at utbetalinga i 1984 ikkje kan vera endeleg oppgjerd, sjølv om den skadde aksepterte den gongen. Gjensidige blir heller ikkje høyrt med påstand om manglande årsakssamanheng mellom trafikkulykka og ryggskadene, eller at kravet er forelda. Retten har gått grundig gjennom foreldingsreglane, vurdert mot tidspunkt for korrespondanse mellom partane og kva tid kvinna visste, eller burde forstå, at skadane forverra seg og at dei kunne ha samanheng med trafikkulykka.