Det er arbeidsgjevaren, Rolls-Royce Marine AS, som må punge ut. Bergen tingrett har gitt dei 69 bileigarane medhald på alle punkt i søksmålet dei tok ut.

— Vi hadde jo ikkje lyst til å gå til sak, og prøvde i det lengste å unngå det. Men vi fekk aldri skikkeleg svar frå bedrifta, seier Bjarte Olsen og Børge Berland, to av dei 69 som nå har vunne fram.

Eit drag med fingeren over panseret på Berlands bil fortel kva saka handlar om: Lakken er ru og grov og full av ørsmå rustflekker.

— Eg oppdaga det i 1997. Takstmannen seier heile bilen må pussast ned. Karosseriet må slipast, deretter må bilen lakkast opp att frå botnen, seier Berland, som er tilkjent den største erstatningssummen av alle; vel 26.000 kroner.

Bjarte Olsen valde til slutt å kjøpe seg ein rimeleg bil nummer to, for å unngå eit stort verditap.

Rettspraksis manglar

Dei tilsette ved Rolls-Royce Marine på Hordvikneset har i fleire år vore plaga av dei små rustflekkane. Dei har heile tida meint skadane skreiv seg frå metall- eller svovelhaldig støv frå Rolls-Royce-støyperiet, som blant anna produserer motorblokker for skipsmotorar.

Støvet har festa seg på lakken medan bilane har stått parkert på parkeringsplassen til bedrifta, og bileigarane meinte difor arbeidsgjevaren også var ansvarleg.

Det ville Rolls-Royce slett ikkje vere med på, og før jul møttest arbeidsgjevar og tilsette i Bergen tingrett. Meir enn tre månader seinare fall dommen i saka, som ifølgje dommar Elisabeth Deinboll «har fremstått som vanskelig» på grunn av manglande rettspraksis.

Utsleppsløyve hjelpte ikkje

Ein Sintef-rapport bestilt av dei tilsette slo fast at sandkorn ser ut til å ha «grodd fast», og etterlatt store mengder misfarga, rustbrune flekkar på bilane.

Rolls-Royce Marine hevda i retten at det ikkje var ført prov for ein samanheng mellom støvet og skadane. Dei la også vekt på at utsleppa av støv likevel har vore godt innanfor utsleppsløyvet bedrifta har fått, og at dei tilsette var godt kjent med moglege bilskader på grunn av støv.

Men dommen slår fast at eit utsleppsløyve i seg sjølv ikkje fritek bedrifta for ansvar for skader utsleppa fører til. Dessutan kunne Rolls-Royce Marine unngått problemet ved å bygge tak over parkeringsplassane, meiner dommar Deinboll.

Det hjelpte ikkje at støyperiet i retten hevda heile drifta blir truga dersom Rolls-Royce Marine må betale for lakkskadane.

- Dommen er feil

I tillegg til å betale for skadane, må Rolls-Royce også ut med 214.000 kroner i sakskostnader til motparten.

— Ein prinsipielt viktig dom. Det er svært sjeldan at forureiningslova blir brukt i erstatningssamanheng. Eg meiner dommen er rett, og håpar han blir ståande, seier advokat Asbjørn Braanaas, som førte saka for dei 69.

Totalt har Rolls-Royce Marine 560 tilsette, og advokat Braanaas ser ikkje bort frå at dommen kan få konsekvensar for fleire enn dei 69 som gjekk saman om søksmålet.

Truleg må saka likevel gjennom ein ny rettsinstans først.

— Vi meiner retten har gjort feil både i bevisvurderinga og i rettsbruken. Vi er usamde i resultatet, og mykje tyder på at vi vil anke, seier advokat Jørn Sandnes, som representerer Rolls-Royce Marine AS.

Direktør Rigmor Fardal ved Rolls Royce-støyperiet hadde i går kveld ikkje sett dommen, og ønskte difor heller ikkje å kommentere utfallet.

MOTVILLIG: Bilen til Børge Berland (til høgre) må slipast heilt ned og lakkast om. Saman med Bjarte Olsen og 67 andre tilsette hos Rolls-Royce Marine AS såg han ingen annan utveg enn å saksøkje sin eigen arbeidsgjevar for å få dekt kostnadane.<br/> FOTO: IVAR UTSI KLEMETSEN