Meldinga om den omstridte kraftlinja kjem fra NVE i dag. Leidninga vil strekke seg frå Sima kraftverk i Eidfjord kommune til Samnanger transformatorstasjon i Samnanger kommune i Hordaland. Kraftleidningen går gjennom Ulvik, Granvin og Kvam kommunar og NVE tilrår luftleidning på heile strekninga, heiter det i pressemeldinga-

Lokale krefter har protestert kraftig imot planane, og krevd sjøkabel.

— Fordelane med kabel kan ikkje vege opp for dei høge kostnadane med kabel på dette spenningsnivået, lyder meldinga frå NVE.

Avgjerdsla i dag vil utan tvil bli anka til olje- og energidepartementet, så i realiteten blir det regjeringa som får det siste ordet.

Høge som rådhuset

Master nesten like høge som rådhuset i Bergen blir godt synlege både i fjordlandskapet og frå hyttefelt, blant anna Kvamskogen.

— Kraftlina vil representere det største menneskeskapte inngrepet i Hardangernaturen nokonsinne. Hardangerbrua blir berre ei fillesak til samanlikning, har Klaus Rasmussen i Øystese tidlegare sagt til BT.

Kraftlina kjem til å liggje 1 kilometer frå heimen hans, og Rasmussen er ein av initiativtakarane til «Folkeaksjonen i Hardanger mot 420 kV-line».

— Ikkje berre blir merkevara Hardanger skadelidande. Det er heller ikkje tvil om at livskvaliteten til oss som bur her blir kraftig forringa.

Folkeaksjonen skuffa

Leiaren for Folkeaksjonen mot kraftlina, Granvin-ordførar Jan Ivar Rødland, er svært skuffa over NVE sitt vedtak, men ikkje overraska.

— Dei har gjennomført ei ordinær sakshandsaming og ikkje evna å sjå realitetane for Hardanger, seier Rødland.

Han fnys av dei avbøtande tiltaka som NVE har kome opp med.

— 10-15 millionar kroner i maling av mastene, kva er det for noko? spør han ironisk.

Folkeaksjonen krev at kraftlina vert lagt i kabel, dels i fjorden og dels på land.

45 meter høge master

Bergensarane brukar stadig meir straum, og forbruket kjem til å auke endå meir i åra som kjem. Dette er bakgrunnen for at Statnett ønskjer å forsterke hovudnettet til bergensområdet.

Fleire alternativ er vurderte, men 420 kV-luftleidning frå Sima kraftverk i Eidfjord til Samnanger transformatorstasjon er det klart beste, heiter det i Statnett-meldinga, som vart sendt ut på høyring i 2005. Årsaka er låge investeringskostnader, høg nettkapasitet, fleksibilitet og robust forsyning.

Mastehøgdene vil variere frå 15 til 45 meter, og normalt vil det stå tre master per kilometer. Kraftlina kjem til å gå både gjennom villreinområde, nedbørsfelt til verna vassdrag og fleire landbruks-, natur og friluftsområde.

— Den digre traséen kjem til å gå som ein motorveg gjennom landskapet, og mastene vil stå som store monument i terrenget. Traséen kjem til å kløyve fjellheimen i to. Nærmiljøet blir øydelagt, også jaktterreng og fjellområde, seier Rasmussen til BT.

Les også: Luftkampen er i gang

Kva meiner du om kraftlina? Diskutér saka.

KNUT STRAND