Med det nye Halsnøysambandet er også garden til Eide splitta. No har lagmannsretten redusert erstatninga for tapt jord med fleire hundre tusen kroner i høve avgjerde frå tingretten.

Nordsjøarbeidaren frå Tofte på Halsnøy er opprørt over avgjerda.

Nede i 20 år

Årsaka er at Eide ikkje blir trudd på forklaringa om at han eller sønene når som helst kan koma til å ta opp att gardsdrifta som har lege brakk i snart 20 år.

— Eg tvilar på retten sin kompetanse når dei verdset eigedommar så lågt, seier Eide.

Han har sett eit erstatningsskjøn frå Sunnhordland tingrett på i alt 478.000 kroner blitt redusert til vel 140.000 kroner i overskjønet frå Gulating lagmannsrett.

— Staten og vegvesenet køyrer oss ned i skiten, seier Eide der han står ved rundkøyringa og tilførslevegane til Halsnøytunnelen som er lagt på innmarka til han og naboen.

«Ikke påregnelig»

Lagmannsretten grunngir fjerninga av ei såkalla arronderingsulempeserstatning på 350.000 kroner med at det ikkje er «påregnelig innen overskuelig fremtid at eiendommen vil bli utnyttet til landbruksproduksjon av eieren eller hans etterfølgere.»

Medan lagmannsretten viser til at driftsapparatet på Eide sin gard ikkje tilfredsstiller dagens krav, parerer Eide med at han har både traktor og ein son som er landbruksavløysar, og eventuelt kan leiga driftsbygning om han bestemmer seg for ny gardsdrift.

Eide misser ein tidel av 40 mål dyrka mark til veganlegget. Naboen, som har 60 storfe og leiger jord av Eide, får i alt 800.000 kroner i erstatning frå staten.

Hustomt til 40.000

Eide er også kritisk til at lagmannsretten har gitt han 40.000 kroner i erstatning for hagearealet som har gått med til veganlegget.

— Utan vegbygging kunne eg der fint ha fått plass til to flotte hustomtar som kunne gått for mellom 350.000 og 400.000 kroner stykket, seier Eide.

Overskjønet trur mest på at kommunen aldri ville gitt løyve til husbygging i Eide sin hage.

— Eg forstår at Eide er misnøgd. Men det første tilbodet frå staten var dårlegare enn overskjønet, seier advokat Gunnar Sætre, som har ført saka for eigarane av alle dei 26 eigedommane i Kvinnherad som er berørt av Halsnøysambandet som opnar i 2008.

Sætre vil overfor BT ikkje røpa om han eventuelt tilrår grunneigarar å anka overskjønet til Høgsterett.

GARD UTAN BONDE: Grunneigar Svenn Erik Eide er opprørt over at retten i ekspropriasjonsskjønet ikkje gir han utsikter til eventuelt å starta opp att drift på garden som er kutta i to av Halsnøysambandet.
Høvik, Tor