No endar saka i Stortinget.

– Dette er veldig spesielt. Det er noko som ikkje skjer så ofte, vedgår Reidar Sandal, Aps stortingspolitikar frå Florø.

Sandal, leiar av finanskomiteen legg ikkje skjul på at han er svært skuffa over vedtaket hans eiga regjering har gjort.

– Eg er misnøgd med utfallet denne saka har fått.

Ingen tilsette

Forsvaret vil drive Florø som ein filial under ein av dei andre redningshelikopterbasane 330-skvadronen driv. Opplegget går ut på at mannskap frå dei andre stasjonane skal gå i vaktperiodar ved basen. Ingen tilsette blir stasjonerte i Florø, i alle fall ikkje før det er kjøpt inn nye helikopter til redningstenesta. Det kan ta mange år.

– Det er vel ganske klart at med eit slikt opplegg vil det gå ein god del år før mannskap blir fast stasjonert, seier Sandal.

Høgre meiner avgjerda om at Forsvaret skal drive helikopterbasen er eit «halvt havari». Fylkesleiar Bjørn Lødemel i Sogn og Fjordane skuldar først og fremst Arbeidarpartiet, men også Senterpartiet, for å ha snakka med to tunger i saka. Representantar for dei to regjeringspartia har tidlegare gått inn for privat drift.

– No blir dobbeltspelet avslørt, seier Lødemel.

Florøbasen skal dekke Sogn og Fjordane og delar av Hordaland og Møre og Romsdal. Basen for dei tre vestlandsfylka skulle bli den første sivilt opererte på fastlandet.

Snuoperasjon

330-skvadronen jobba først mot ein base i Florø, og seinare mot ei sivil løysing. Så seint som rett før jul kritiserte Reidar Sandal Forsvaret for at dei ikkje respekterte lovleg fatta vedtak. Det skjedde etter at Forsvaret endra taktikk, og det blei klart at dei kasta seg inn i kampen for å få drive basen. Til Bergens Tidende sa Sandal den gongen at han trudde Forsvaret frykta alle basane kunne bli konkurranseutsette, dersom Florø blei ein suksess.

– Eitt eller anna må dei i alle fall vere redde for, sidan dei så systematisk over så lang tid har prøvd å hindre ein sivil base i Florø, sa Sandal den gongen.

Bjørn Lødemel meiner utfallet av basesaka verkeleg gjev grunnlag for å stille spørsmål ved kor stor påverknad Sandal har.

Opp i Stortinget

– Eg står ved det eg har sagt. Leiinga for 330-skvadronen i Bodø har aktivt motarbeidd basen i Florø. Men så er det slik at eg må finne meg i at regjeringa har kome til ein annan konklusjon. Av og til skjer det.

– Lødemel stiller spørsmålsteikn ved kva påverknad du har i ditt eige parti og regjeringa. Kva kommentar har du til det?

– Det ønskjer eg ikkje å kommentere. Eg står ved min kritikk av Forsvaret, og meiner eg har gjort det som er mogleg for at Nord-Vestlandet skulle få ein base.

Saka får no eit etterspel i Stortinget. Stortingsrepresentant Jan Tore Sanner frå Høgre krev i eit brev til justisministeren svar på kvifor regjeringa valde Forsvaret til å drive helikopterbasen.