Dette er eitt av bidraga frå industrikonsernet for å få til omstilling når Søderbergomnanene i Årdal blir kopla ut og produksjonen redusert.

I slutten av denne veka startar Dooria arbeidet med på rekruttere tilsette til dørproduksjonen. Alt 1. januar skal dei første vere tilsette og i gang med opplæring.

Dette skjer i praksis på Hydros rekning. Etter det Bergens Tidende kjenner til har Hydro gitt dørprodusenten eit lån på 40 millionar kroner til etableringa i Årdal. For kvar tilsett ved aluminiumverket som går over til Dooria, blir lånet redusert med ein halv million.

Betaler løna

Når dei første dørene blir produsert neste haust er det meininga at fabrikken skal ha 65 tilsette. Dørkonsernet har tidlegare gitt klart uttrykk for at målgruppa i første omgang vil vere tilsette som blir overflødige når Søderbergomnane blir fasa ut. Klarer Dooria å rekruttere alle arbeidstakarane mellom dei tilsette på metallverket, har Hydro Aluminium støtta Dooriaetableringa med 32,5 millionar kroner.

— Det er velkjent at Hydro, i staden for å tilby sluttpakkar for tilsette, heller brukar pengar på å leggje til rette for ny næringsverksemd. Det har dei gjort på fleire stader der dei har redusert aktiviteten, seier konsernsjef Knut Løvdal Stauri til Bergens Tidende.

Han ønskjer ikkje å gå i detalj om støtta selskapet har fått frå Hydro, men stadfestar at dei får støtte for kvar Hydrotilsett som går over.

Draghjelp

Dooria har fått solid draghjelp til etableringa i Årdal. I februar fekk dei tilsegn om 79 millionar kroner i lån og tilskot frå Innovasjon Norge. Det skjedde etter at det statlege investeringsselskapet først hadde snudd tommelen ned. Støtta frå Innovasjon Norge er ein av dei største som er gitt til bedriftsetablering, og har blitt sterkt kritisert både av andre dørprodusentar og leiande opposisjonspolitikarar. Doorias konkurrentar meiner det statlege engasjementet forrykkar konkurransen i marknaden. Opposisjonen på Stortinget har regjeringa mistenkt for å ha lagt press på Innovasjon Norge.

Til Bergens Tidende seier Løvdal Stauri at dørkonsernet har bestemt seg for å takke nei til lånetilbodet frå Innovasjon Norge.

— Vilkåra var ikkje gode nok, forklarar konsernsjefen, som ikkje trur det kan dukke opp ein ny debatt om støttenivået til Dooria.

— Nei, det har vore offentleg kjent lenge at Hydro bidreg aktivt til å omstille Årdal-samfunnet. Dei har ope gått ut med at dei støttar oss, seier Løvdal Stauri.

Marginalt

Dooriasjefen seier det var like før dørfabrikken blei lagt til utlandet.

— Vi opplever det slik at verktøykassen som finst for å støtte bedriftsetableringa i nabolanda Sverige og Finland er betre enn her i landet, seier han.

Når valet likevel fall på Årdal, er årsaka den sterke industritradisjonen i bygda, stor velvilje i kommunen og den lokale eigarskapen i Dooria. Dørfabrikken har hovudkontor i Stryn, og lokale selskap er sterkt inne på eigarsida.

Også tidlegare har Hydro støtta bedriftsetableringar på einsidige industristader ved å gje tilskot per tilsett. Då det nyetablerte Energy Recycling AS (ERAS) for nokre år sidan avgjorde å starte attvinning av industriavfall i Høyanger, fekk dei eit tilskot på 400.000 kroner for kvar tilsette dei greidde å rekruttere mellom Hydro-tilsette i bygda.