Det er eit kloakkreinseanlegg som ikkje fungerer som det skal og fører til utslepp i vassdraget, melder Kystradioen.

Ordførar Jan Utkilen seier til Kystradioen at saka er oversendt til kommuneadvokaten som skal vurdera om kommunen bør vedta bota eller ikkje.

Utkilen vedgår at kommunen har kjent til dette utsleppet i lang tid.

Det var Miljøvernforbundet som meldte forholdet til politiet.

Dagleg leiar i FjellVar, Sverre Ottesen, opplyser at problemet vil bli løyst når kloakken frå dei 150 – 200 husstandene på Fjell gard vil bli kopla opp mot eit reinseanlegg i Møvik-området i løpet av seinsommaren 2008.