Staten må no betala hytteeigaren i Gassasundet 200.000 kroner i erstatning. For snart tre år sidan stod kong Harald i dette sundet og opna Bømlo og Stord sitt fastlandssamband til 1,8 milliardar kroner.

Eigedommen ligg 180 meter frå Spissøybrua, ei av fire bruer i Trekantsambandet, og var ikkje omfatta av skjønet for eigedommane på Stord, Bømlo og i Sveio som fekk erstatning for grunnavståing til veganlegget.

Familien på Stord som no får erstatning, bygde hytta for 30 år sidan, lenge før det var aktuelt med brusamband til Stord.

Familien kravde først inntil ein million kroner i erstatning, men det blei under rettsforhandlingane i Sunnhordland tingrett redusert til det halve.

Retten har kome til at veganlegget og ulempene det medfører har gitt hytteeigedommen redusert omsetnadsverdi. Støyen frå trafikken er urimeleg, og Spissøybrua har teke både sol og utsyn frå hytteeigedommen, slår retten fast.

Hytteeigarane klaga over at dei føler seg «beglodde» av folk som passerer på brua. Retten finn det dessutan «svært uheldig og sjenerende» at kjenningar av hyttefolket brukar bilhornet og helsar når dei køyrer over brua.

Staten argumenterte med at «tiltak som Trekantsambandet ville være påregnelig i lys av samfunnsutviklingen», men nådde ikkje fram i retten. Staten må også betala hytteeigaren sine sakskostnader på vel 75.000 kroner.

BRUSTØY: Ein Stord-familie får 200.000 kroner i erstatning for ulempene som Spissøybrua i Trekantsambandet har påført hytteeigedommen (i bakgrunnen t.v.) i Gassasundet.<p/> FOTO: OVE A. OLDERKJÆR