Truverdet til både tiltalte og fornærma var i fokus i rettsalen, og retten har på ulike punkt lagt versjonane frå begge sider til grunn for dommen.Ytre Sogn heradsrett meiner at valden mot ein 28-årig Høyanger-mann har klart preg av mishandling, og at den skjedde under særleg skjerpande omstende. Likevel finn retten at fornærma sjølv framprovoserte episoden som utløyste den grove valdsbruken i eit husvære i Høyanger 24. januar 1999. Utan forståeleg motiv Difor kan 25-åringen med rette påberope seg straffelovas reglar om nødverge for den første delen av konfrontasjonen, ifølgje retten heldt tiltalte fram med valdsbruk som langt overgår det som nødverge-reglane dekker. 28-åringen vart liggande hjelpelaus på ein sofa medan den grove mishandlinga pågjekk i to timar. Tiltalte nekta for den omfattande valdsbruken, men utfrå andre vitneforklaringar og fornærma sin tilstand etterpå, festar ikkje retten lit til dette. Retten karakeriserer valden som særleg rå og brutal, og av eit omfang som gjer at handlinga ikkje har noko forståeleg motiv. Eitt års fengsel Tiltalte er 25 år og uføretrygda på grunn av ei liding han meiner bør vege i formildande retning. Men retten peikar på at 25-åringen har nekta å underkaste seg behandling for dette, og ser difor vekk frå dette momentet i straffeutmålinga. Derimot meiner retten at offeret i første fase opptredde provoserande, og at det var han som først var agressiv. Men tiltaltes «svar» på dette er ifølgje retten langt ut over det rimelege.Bistandsadvokaten kravde opptil 150.000 kroner i oppreising til fornærma, i tillegg til erstatning for utgifter, framtidig inntektstap og påført tap.Retten har tilkjent 28-åringen 158.000 kroner på desse punkta, der 50.000 kroner er oppreising.Straffa for 25-åringen er sett til eitt års fengsel utan vilkår. Aktor kravde fengsel i halvanna år.Forsvarar i saka, advokat Ivar Blikra, seier til Bergens Tidende at 25-åringen vurderer å anke.