Sist veke kunne arkeolog Irene Baug skrive nye kapittel i den over tusenårige historia om steinbrota i Hyllestad.

Kross og kvernstein

— Dette er stort. Funna viser at det har vore hogd ut steinkrossar her samtidig som produksjonen av kvernsteinar pågjekk for fullt, seier Baug. - Dette er det einaste norske steinbrotet der vi veit sikkert at det har føregått hogging av steinkrossar. Hogging av kross ser ut til å ha vore ein stor industri her, og var naturleg ettersom det allereie var ein stor steinhoggarindustri her.

Saman med tre studentar frå Universitetet i Bergen har ho til no funne fem steinkrossar i den utgrevne sjakta.

— Dette er typisk krossar som er blitt øydelagte under hogginga, og har blitt kasta på produksjonsplassen, fortel ho. - Dei krossane som vart vellukka, er ikkje å finne her. Dei står ved kyrkjer og minnesmerke på heile Vestlandet, og meir enn halvparten av alle dei store steinkrossane kjem frå Hyllestad.

Vikingtid og mellomalder

Krossane som no er funne, varierer i storleik og form.

— Ein av krossane minnar sterkt om vikingtida. Det liknar veldig på tidlegare funn frå den tida, fortel Baug. - Funn av små, handdrivne kvernsteinar på same stad indikerer at det kan vere svært gammalt. Andre av krossane er mest truleg frå mellomalderen og kanskje inn i kristen tid.

Utgravingane starta for ei veke sidan, og skal pågå ei tid framover.

No håpar Baug at dei også vil finne restar av trekol, slik at dei kan ta ei sikker C14-datering av materialet.

Arbeidet er ein del av doktorgradarbeidet hennar, som også inkluderer to gamle steinbrot i Hardanger. Den 34 år gamle arkeologen reknar med å ferdigstille sin doktorgrad i løpet av 2011.

— Kva skjer med funna som no er gjort?

— Dette er kulturminne, og skal nok i utgangspunktet til Bergen Museum. Men eg veit også at folk her i Hyllestad svært gjerne vil ha noko av funna igjen her, slik at krossane kan visast fram i tilknyting til kvernsteinsparken.

- Ein ny dimensjon

Produksjon av steinkrossar over fleire hundre år rommar store mengder historie. Eit av spørsmåla arkeologen stiller seg, er kven som har utført det møysommelege arbeidet med å hogge steinkrossane, og kvar dei kom frå.

— Det er lett å tenke seg ein påverknad frå Storbritannia, og at det kan ha vore britar her som var læremeistrar for dei norkse arbeidarane. I alle fall i starten, meiner Baug.

Også ordførar Tore Bråstad gler seg over funna. Han er stolt over den eksisterande kvernsteinsparken i Hyllestad, men meiner krossar er noko langt fleire har eit forhold til.

— Det er utruleg spennande. Tenk kva historie som ligg her, frå viktingtid og kristninga av landet. Og funnet av krossar gjev kvernsteinsparken vår ein heilt ny dimensjon, seier Bråstad. - Ikkje minst er eg glad for at dette blir så godt fagleg dokumentert.