Jenta kom heim til hybelen i tre-tida natt til søndag. Ei rute i utgangsdøra hennar var knust, og i senga hennar låg det ein mann ho ikkje kjende, skriver Firda.

-Mannen, som er i starten av 20-åra og frå Nordfjord, vart henta av politiet og køyrt heim til bustaden sin, fortel operasjonsleiar Marita Biesmans.

Ho reknar med at jenta melder hendinga til politiet.