Biletet som har dukka opp i USA er ei ukjent variant av Nikolai Astrups kjende måleri «Soleienatt», skriv Firda.

— Ein sensasjon, seier Astrup-ekspert Øystein Loge.

Biletet er eigd av eit universitet utanfor Seattle på den amerikanske vestkysten. Den utflytta jølstringen Oddvar Huslid har fotografert måleriet, og bileta har blitt granska av Astrup-ekspert Øystein Loge. Og han er ikkje i tvil:

— Dette må vere eit ekte måleri av Astrup, eg kan ikkje forstå noko anna. Det som gjer dette veldig interessant, er at det ikkje er registrert, seier Loge til Firda.

Han trur biletet kan ha vore måla i 1909, og opplysningar tyder på at det har kome til USA før 1915. Og prisen kan fort kome opp i nokre millionar, dersom nokon vil kjøpe måleriet.

Det var eit tilfeldig møte med ein amerikansk reiseleiar på Audhild Vikens Vevstove på Skei som sette Hallvard Viken på sporet av det ukjende Astrup-biletet. Fleire års leiting på Internett og i USA har no gitt resultat.

EKTE ASTRUP: Dette måleriet dukka opp i USA. Truleg er det eit ekte Nikolai Astrup-bilete. FOTO: PRIVAT