Det fortalde senioringeniør Bente Mevåg frå Rettsmedisinsk Institutt då ho vitna i Sogn tingrett i dag.

— Dersom tiltalte ikkje har ein einegga tvillingbror, er dette hans DNA, fortalde Mevåg.

Ho er rekna som ein av dei fremste ekspertane i landet på DNA.

Plastposen blei funnen like ved hovudet til avdøde. Der låg han også då åstadgranskarane til Kripos kom til folkehøgskulen fredag morgon.

— På posen har vi funne merke som kan tyde på grep, opplyste kriminalteknikar Håvard Arntzen i Kripos då han vitna i rettssaka no i føremiddag.

Han skal seinare i dag fortelje om sine konklusjonar, mellom dei kva posen har blitt brukt til.

Kripos-teknikaren fortalde også om funn av relativt store blodmengder på internatrommet. Både på ei skapdør, ein vegg og på golvet er det funne blod som tilhøyrer Hedda.

— På skapdøra fann vi over 100 blodflekkar på eit avgrensa område. Vi meiner desse er avsett med middels kraft, opplyste Arntzen.

På og rundt avdøde fann politiet også mykje Arntzen karakteriserte som søppel.

— Med det same eg kom inn på rommet fekk eg ei kjensle av at her hadde det skjedd ei straffbar handling, og at dette var ein åstad der vi ville finne mange spor frå gjerningsmannen, sa Kripos-etterforskaren.

<b>I RETTEN:</b> Rettssaka etter Sogndal-drapet starta i Sogn tingrett mandag. Fra venstre: politiadvokat Knut Broberg, aktor Bjørn Kristian Soknes og forsvarar John Knapstad.
Øystein Torheim
<b>DREPT:</b> Hedda Karterudseter blei funnen drept på hybelen sin 28. oktober i fjor.
Privat