• Ikkje freistande å ete meir av dette kjøtet, seier Ingvald Kvåle.

Ingvald Kvåle og Randi Scheflo frå Førde fekk seg ei ubehageleg overrasking då dei skulle skjære opp julesylta frå Voss Kjøttindustri AS i helga.

— Eg heldt på å skjære midt inni pakken då eg støtte på noko hardt. Eg trudde det var bein, det er jo ikkje så unormalt. Men då eg pirka det ut såg eg at det var ei tann, seier Kvåle.

Då hadde både han og sambuaren allereie ete store delar av kjøtstykket.

— Det var ikkje freistande å ete meir etter dette. Vi mista fort appetitten, seier Kvåle.

Han trur det dreiar seg om ei grisetann, og vil ta kontakt med produsenten for å varsle om det han fann.

Beklager

— Vi lager sylteflesk på gamlemåten av svinehovud som er kokt og blir reinska gjennom manuelt handarbeid, der vi skil ut bein og tenner. Det er i ein slik samaneheng at bestanddelen har gått gjennom fingrane til dei som skal sortere, seier dagleg leiar i Voss Kjøttindustri, Bjarte Tolaas.

Han seier firmaet tek alle slike meldingar om avvik på alvor, og at dei vil kompensere opplevinga til kunden.

— Så vidt eg veit er det første gong på mange år at vi har fått slike tilbakemeldingar, seier han.