Sandvik dykka utanfor kommunekaia i Høyanger laurdag då han kom over fleire flasker sprit på fjordbotnen.

Flaskene stammar frå Russland og har truleg liggje sidan 90-talet, ifølgje NRK.

— Det står «Russland» under flaskene, seier Sandvik til bt.no.

Dumpa?

Knut Helge Sandvik tippar nokon har hatt det travelt med å dumpe flaskene:

— Det kan ha vore tollarar i nærleiken slik at dei har dumpa dei. Eller dei kan ha mista flaskene medan dei dreiv på med noko, seier han til NRK.

Flaskene låg på 30 meters djup.

— Eg tok med meg 13 flasker. Det ligg att ein god del meir på botnen.

Fæl lukt

Sandvik har opna ei av flaskene. Han kom ikkje i feststemning:

— Den lukta drit. Eller ammoniakk, då. Det er vel billeg, russisk brennevin, konkluderer Sandvik.

Spritflaskene er levert til politiet.

Lensmann Olav Hellebø fortel at det er fem år sidan sist han fekk russisk smuglarsprit på bordet.

— Det fanst ein marknad for slikt, på den tida var det ikkje pol i Høyanger. Eg trur kanskje at marknaden har dunsta vekk litt etter at polet kom, seier Hellebø til NRK.