Det var ein bilist på veg gjennom tunnelen som oppdaga den sovande mannen i vegkanten. Bilføraren prøvde å få liv i mannen. Men då han ikkje lukkast, varsla han politiet.Men då politiet kom til staden hadde mannen vakna av seg sjølv, melder NRK Sogn og Fjordane. Han forklarte at planen var å sykle gjennom tunnelen til Fodnes, men han hadde stoppa og lagt seg til å sove inne i tunnelen. Heilt edru var mannen ikkje, og det høyrer også med at det ikkje er lov å sykle i Fodnestunnelen.