Dykkar Hans Harald Ylvisåker skvatt då han på 16 meters djup sumde rett på ein sau.

– Eg vart litt forundra, og var usikker på om det verkeleg var ein sau eg såg. Det er første gong eg ser ein sau under vatn, seier Ylvisåker.

Sauen var surra fast med tau til tre av beina, og i den andre enden var det ein stor stein. Funnet vart gjort om lag 150 meter frå land utanfor den populære badestranda Eidet i Sogndal, melder Sogn Avis.

Ikkje kreps, men sau

Førre søndag var Ylvisåker og dykkarkameratane på jakt etter kreps, men i staden støtte dei altså på ein sau.

– Det var eit makabert syn. Ei kommunal badestrand som blir mykje brukt til dykking er ikkje plassen å dumpe eit kadaver, meiner Ylvisåker.

Han tok med seg kamera ned på 16 meters djup for å dokumentere synet, og seinare blei politiet varsla om funnet.

Innrømma dumping

Onsdag kveld blei sauekadavaret henta opp frå fjordbotnen. Ifølgje politiet verka den ganske intakt, utan teikn til skadar. Den som har dumpa sauen har ikkje teke seg med bry med å fjerne merket på venstre øyret til sauen, og difor var det ein enkel jobb for politiet å spore opp eigaren.

– Vi har snakka med bonden, og han opplyste at han hadde dumpa sauen for 14 dagar sidan fordi den hadde døydd av seg sjølv, seier politioverbetjent Einar Christensen ved Sogndal politistasjon.

Mattilsynet varsla

Politiet har varsla både Mattilsynet og dyrevernet. Det er også oppretta politisak, og bonden må førebu seg på nye avhøyr og kan risikere bot.

– Dette er ikkje måten å kvitte seg med ein sau på. Det er ikkje lovleg, seier Christensen.

Når ein sau døyr, er bonden pliktig til å melde frå til Mattilsynet, slik at dei eventuelt kan ta prøvar.

— Vi har registrert at han ikkje har meldt frå, men har ikkje fått snakka med vedkommande, seier Trine Hellan, distrikssjef i Mattilsynet.

Korleis reagerer du på sauedumpinga? Sei di meining.

SENKA: Den dumpa sauen blei funnen på 16 meters djup rett utanfor ein badeplass.
HAns Harald Ylvisåker
BUNDEN FAST: Sauen var surra fast til ein stein på botnen.
hans harald ylvisåker
hans harald ylvisåker