Marte Kviberg (28) budde på folkehøgskuleområdet, og sat og såg Dagsrevyen då tre elevar banka hysterisk på døra torsdag 28.oktober.

— Dei sa at det har skjedd noko med Hedda. Ho ligg på golvet og er gul og blå, fortalde vitnet.

Kviberg gjekk åleine inn på internatrommet, og fortalde detaljert om kva ho hadde sett:

— Det første eg ser er at ho ligg på golvet, ein arm stikk ut under dyna. Armen var begynt å bli blå. Eg løfta dyna vekk, rista i skuldrane hennar og ropte namnet. Eg ville leggje ho i stabilt sideleie, men ho var heilt stiv.

Læraren fortalde at Hedda låg på ryggen med hovudet under vasken og beina under senga.

— Ho var avkledd nedantil. Då eg tok vekk dyna, var håret klissete og ho hadde mykje slim rundt nase og munn.

Like ved hovudet til Hedda Karterudsetet såg læraren at det låg ein kvit plastpose. Ein teori har vore at Hashin kan ha brukt plastposen då han kvelte 19-åringen.

Då læraren skjønte at eleven var død, ringde ho ambulansetenesta.

— Tenkte du på kva som hadde skjedd?, spurde aktor Bjørn Kr. Soknes.

Vitnet: - Ja, eg skjønte ikkje korleis ho kunne ha gjort noko slikt sjølv.

Soknes: - La du merke til blod?

Vitnet: - Nei, eg tykte det var overraskande lite blod. Blodet eg såg var på dyna.

<b>I RETTEN:</b> Rettssaka etter Sogndal-drapet starta i Sogn tingrett mandag. Fra venstre: politiadvokat Knut Broberg, aktor Bjørn Kristian Soknes og forsvarar John Knapstad.
Øystein Torheim
<b>DRAPSOFFERET: </b>Hedda Karterudseter.
PRIVAT