— Etter vårt syn samsvarar skoparet med avtrykk som blei funne på åstaden etter ranet, seier Luster-lensmann Asle Koroliussen til Bergens Tidende.

Politiet legg ikkje skjul på at dei meiner å ha funne skoa som blei brukte under ranet. Pengane som blei beslaglagt tilsvarar dessutan summen som blei stolen då 82-åringen blei brutalt rana måndag for ei veke sidan.

Stor aksjon

Totalt 11 politifolk frå lensmannskontora i Luster, Vik og Sogndal tok del i den omfattande husransakinga i går. Både sjølve bustadhuset og eit uthus på eigedomen blei systematisk gjennomgått.

Luster-lensmannen ønskjer ikkje å gje detaljerte opplysningar om kvar funna blei gjort, bortsett frå at pengane og skoparet blei funne på to ulike plassar.

— Var dei godt gøymde?

— Nei, det vil eg ikkje seie. Men den eine av tinga var lagt slik at det var vanskeleg å oppdage.

Brutalt ran

Det var måndag for ei veke sidan at Julius Leirmo blei brutalt slått ned i sin eigen heim i Gaupne. Etter å ha tatt seg ein lur, oppdaga Julius ein framand mann inne i huset. Då Julius ba han gå, tok ransmannen til å slå. Det siste 82-åringen hugsar er at han ba for livet sitt.

Då Julius Leirmo til seg sjølv låg han i gangen. Han greidde å komme seg ut, og fekk kontakt med ein tilsett i barnehagen som er næraste nabo. Alt same ettermiddagen gjekk politiet til pågriping av ein 42 år gammal mann som har budd i Luster dei siste 13 åra. Til grunn for arrestasjonen låg mellom anna eit godt signalement som 82-åringen kunne gje av overgriparen sin. Den sikta, som opphavleg kjem frå Bosnia, har sidan vore fengsla. DNA

Politiet har også tidlegare vore inne i huset til den mistenkte, og mellom anna tatt beslag i klede. Alt det beslaglagte materialet er sendt til Kripos for nærare analyse. Politiet håpar at DNA, fingeravtrykk og andre bevis skal nagle den mistenkte til ugjerninga.

Trygge

I tillegg har politiet dei siste dagane også gjennomført ei rekkje avhøyr med tanke på å kartlegge kva den mistenkte gjorde ransdagen.

— Per dags dato meiner vi å ha eit ganske bra bilde av kva som har skjedd denne dagen.

— Er politiet sikre på at rett person er pågripen?

— Det blir opp til retten å avgjere. Men vi føler at dei funna vi har gjort siste dagane har stadfesta det vi starta ut med i ein tidleg fase av etterforskinga.

Den sikta 42-åringen sit i varetekt ved fengselet i Vik.

SKAMFERT: Slik såg Julius Leirmo ut etter det brutale ranet.
Foto: Oddleiv Apneseth