Den eldre mannen hadde blitt operert i ein fot på eit sjukehus i Sogn og Fjordane, og skulle sove.

Men mannen var noko forvirra etter operasjonen, skriv Firda.no.

Våt og kald

Om natta blei han følgd til toalettet. Då han skulle bli henta eit par-tre minutt seinare, var mannen borte vekk.

«Det vart leita over alt», ifølgje Helse Førde, som har skrive om episoden på sine nettsider. Til slutt blei den eldre mannen funne utandørs. Ved å gå ut ei dør og ta seg over eit gjerde, hadde han kome seg ut på eit tak på sjukehuset.

Der låg han «våt og kald og ute av stand til å forstå situasjonen», ifølgje pasienttryggleiksutvalet ved sjukehuset.

Visste han var omtåka

Helse Førde skriv at avdelinga ikkje hadde bemanning til å kunne overvake mannen, sjølv om dei visste at han var forvirra etter operasjonen. Men 19 andre pasientar på avdelinga skulle òg ha hjelp av dei to tilsette som var på jobb på avdelinga.

Pasienttryggingsutvalet melde saka vidare fordi dei meinte ho var alvorleg.

«Helseføretaket ønskjer at alle pasientar skal vere trygge når dei ligg på sjukehus, samstundes har ein ikkje høve til å leige inn ekstra personell kvar gong det er pasientar som forvirra i avdelinga. Det er difor fare for at dette kan skje igjen», konkluderer helseføretaket.