Truleg er dette den første jarnmeteoritten som er funnen i Norge på 100 år. Tidlegare er det berre gjort 12 dokumenterte meteorsteinfunn i landet. Den første, og hittil einaste, jarnme-teoritten vart funnen i 1892.

Aldri sett

Det var under rypejakt i Jardalen i Gloppen at Jan Inge Mar-dal oppdaga den spesielle steinen.

— Eg har aldri sett ein meteoritt før, men det slo meg med det same at det kunne vere ein stein frå ein meteor. Steinen hadde spesiell utsjånad, og var veldig tung, fortel Mardal til Firda Ti-dend.

Området der meteoritten vart funnen er normalt dekka av snø og lite brukt av fjellfolk. Meteo-ritten er no til gransking både ved Mineralogisk-Geologisk Museum og Geologisk Institutt i Oslo.

— Forskarane vart veldig interesserte då eg kom med steinen. Dei nærast strøymde til, fortel Mardal.

Stipendiat Knut Jørgen Ødegaard meiner steinen kan stamme frå meteoren som vart observert både i Sunnfjord og Sogn i vår.

— Bana til den observerte meteoren kan stemme med funnet i Jardalen, seier Ødegaard.

Meteoren vart sett av ei rekkje personar i mars. Ikkje minst i Luster fekk mange med seg det uvanlege naturfenomenet på kveldshimmelen. Øyvind Listou i Skjolden var mellom dei som opplevde meteoren då han kom køyrande i Mørkridsdalen. Til Bergens Tidende fortalde Listou at han først vart skremd, fordi han trudde det var eit fly som helt på å styret.

— Det regna gneistar over heile dalen, fortalde Listou.

Basert på dei mange observasjonane slo forskarane alt den gongen fast at bitar frå meteoren truleg måtte ha falle ned i fylket. - Dersom dette er ein stein frå meteoren folk såg i mars, er det uvanleg artig, seier Ødegaard.