Han tok fisken med seg ned og fortalde det til kona, Brita. Kva fisk som hadde lagt seg på taket i all si glinsande prakt, veit heller ingen andre. Det skriv Hardanger Folkeblad.

— Me snakka ei stund om å laga akvarie til fisken, seier Brita Meling til Hardanger Folkeblad. Men det enda altså med at han fekk koma attende der dei trur han kom frå, nemleg Sørfjorden.