Politiet trur den 32 år gamle mannen har vore ein stordistributør av smuglarsprit og narkotiske tablettar i Høyanger og omegn.

Rundt 380 tablettar av typen diazepam er beslaglagt saman med eit mindre kvantum smuglarsprit. Men største varpet under ransakinga var kundelistene.

Fleire kan vente politibesøk

Mange av kundane hans er allereie tatt, og fleire er på politiets arbeidsliste for tida framover.

— Det stemmer at saka ikkje er ferdig etterforska, seier lensmannsbetjent Jan Kåre Hofrenning ved Høyanger lensmannskontor. - Så langt har vi sikta rundt 15 personar for kjøp av smuglarsprit.

Politiet gjekk til aksjon og pågreip 32-åringen 18. februar i år, men har av omsyn til etterforskinga ikkje gått ut med saka tidlegare.

Mannen har vore varetektsfengsla i fire veker, og politiet har blant anna brukt tida til å analysere innhaldet på mannens datamaskin og trafikken på telefonane hans.

Men store deler av kundelistene hans låg heilt oppe i dagen, notert på lappar som politiet kunne gjennomgå i ro og mak.

«Betydelege beløp»

Her fann etterforskarane namn på ei rekke personar dei meiner er sprit- eller narkokundar.

— Vi håpar å ha denne saka ferdig etterforska i løpet av våren, seier lensmannsbetjent Hofrenning.

Sjølv om politiet berre fann 3,8 liter smuglarsprit då dei ransaka 32-åringens bustad og bil, meiner dei at omfanget er langt større. Dette er basert på mengden tomemballasje dei fann, og ikkje minst listene over kundar. Notatlappane inneheldt notatar over ei rekke namn på personar samt det forhøyrsretten karakteriserer som «til dels betydelege beløp». I tillegg fann dei 380 narkotiske tablettar og 37.000 kroner i kontantar.

Dei ytterlegare om lag 15 personane som er sikta i saka kjem frå Høyanger og nabokommunane, opplyser politiet.

Link til narkomiljø

32-åringen har vore sparsam med sine forklaringar, utover at spriten og tablettane var til eige bruk. Kontantsummen hevdar han stammar frå eit banklån.

Men forhøyrsretten meinte det er grunn til å mistenke mannen for det han er sikta for, og fengsla han for to veker med brev og besøksforbod. Seinare vart fengslinga forlenga med to veker.

Tre dagar før 32-åringen vart pågripen, vart ein mann i narkotikamiljøet i Høyanger pågripen av politiet i Førde. På vedkommande sin mobiltelefon fann politiet to tekstmeldingar frå 32-åringen, der det blant anna framgår at sistnemnde forventa å motta pengar frå den andre.

Forhøyrsretten meiner at desse tekstmeldingane indikerer at sikta ikkje berre driv med sprit, men også har kontakt med narkotikamiljøet i området.