Inni ringen står det gravert «Din Anna» og årstalet 1981. Men det står meir.

— Det står to datoer og årstal i ringen, så eigaren må vite kva dei er. Det er sikkert årstala for truloving og giftarmål, seier bileigar Adrianne Kvam til bt.no.

Leita etter rust

Ho har eigd den 30 år gamle bilen i to omgangar, og nett kjøpt han tilbake for å setje han i stand, melder Sogn Avis.

Det var då bilen stod på verkstad for å få sjekka understellet og bli rustbehandla at ringen kom for ein dag. Nils Arne Skjerven, som driv Sogn Antirustsenter, pirka inni eit hol med fingeren, og der låg gullringen.

— Han stakk fingane inn i fleire hol for å kjenne etter rust og så sa han «er det noko inni?». Så kom han fram med denne dritne gullringen. Det var heilt tilfeldig at han fann han, og det er jo heilt utruleg at det går an å finne han igjen, og, seier Kvam.

- Heilt utruleg

Ringen har vore heilt uråd å finne inne i kanalen, berre flaks gjorde at han kom for ein dag.

— Dette var berre heilt, heilt utruleg! Eg har funne skruer og slike ting i holromma på bilane, men aldri ein ring. Og at den låg i frontbjelken er heilt utruleg, der er det så trangt at det knapt er plass til ein ring, sier Skjerven til bt.no.

Det 30 år gamle køyretøyet var Kvams første bil. Ho kjøpte han for 15 år sidan.

— Då eg selde han, angra eg frå første dag. Eg kjøpte han frå Trøndelag, og etter at eg kvitta meg med han, har bilen vore i Balestrand. Årdal og Hafslo. Det er difor ikkje godt å seie kvar gifteringen stammar frå. Det er sikkert ein eller annan som har mista han og leita overalt, seier Kvam.

ER DEN DIN? Adrianne Kvam fann gammal giftering i bilen.
PRIVAT
ring tett.jpg