• Vi fekk heilt «hetta», seier Astrid Ekeland etter besøk på Hatlestrand kyrkjegard.

I påsken var Astrid Ekeland og niesa innom kyrkjegarden på Hatlestrand i Kvinnherad for å stella ei grav og setja ned blomar. Ved sida av grava låg ein sandhaug etter nyleg utført gravearbeid.

I følgje lokalavisa Grenda fekk dei to seg ein alvorleg støkk.

— Kva er dette rosa for noko, spurde niesa.

— Det viste seg at det var overkjeven av eit gebiss, fortel Ekeland til avisa.

To veker tidlegare hadde kvinna gjort liknande funn på kyrkjegarden. Den gong såg ho to bein, deriblant eit som minna om eit ryggbein.

Ekeland meiner kyrkjegardspersonalet burde undersøkt korleis kyrkjegarden såg ut etter at snøen forsvann.

— Ein må kunne forventa at dei ser etter korleis arbeidet faktisk er utført, i alle fall når det gjeld slike følsame stader som ein kyrkjegard, seier Ekeland.

— Normalt skal ikkje slikt skje, men ved gjenbruk av gamle graver er det likevel ikkje heilt uvanleg rundt omkring, seier kyrkjeverje Arne Lindekleiv.

Fredingstida på gamle graver er i sentrale retningsliner 20 år. I Kvinnherad kan graver oppretthaldast i 30 år eller meir.