I felgproduksjonen i Høyanger er det brukt kjemikaliar og anna stoff som er å rekne som farleg avfall. Etter medieoppslaga om krisa ved felgfabrikken, gjennomførte SFT tidleg i februar ei synfaring.

— Her avdekte vi at det er nødvendig å gjennomføre fleire tiltak for å hindre ulovleg ureining i samband med ei nedlegging. SFT avdekte også fleire forhold som ikkje var i samsvar med løyvet verksemda hadde etter forureiningslova, skriv tilsynet i eit brev til bustyret.

Advokatar braut lova

Og det er ikkje berre ting ved drifta av industriverksemda i Høyanger SFT finn grunn til å rette peikefingeren mot. For heller ikkje juristane i bustyret har greidd å følgje lova. Konkursbuet har nemleg ikkje meldt frå til miljøstyremaktene om at det 12. januar blei opna konkurs i ei verksemd der det blir oppbevart farleg avfall, noko dei har plikt til. SFT blei først kjend med Fundo-konkursen gjennom media.

  • Akkurat dette opplever vi ikkje så ofte. Vi skjønar sjølvsagt at ting lett kan bli gløymt i ein travel situasjon, men det er trass alt ein grunn til at bustyre har slik meldeplikt når bedrifter som handterer farleg avfall står i fare for å bli avvikla, seier seksjonssjef Siri Sorteberg.

Under synfaringa sist veke avdekte SFT at det er lagra store mengder farleg avfall på området. På eit utandørs lager blei det funne ei rekkje ulike typar farleg avfall.

I kjellarlokale

  • Noko av dette avfallet har vore lagra i meir enn eitt år, og bør leverast omgåande, skriv SFT.

I tillegg til lageret utandørs var det også lagra avfall og farleg avfall i kjellarlokale. SFT konkluderer med at leveringsplikta for farleg avfall ikkje har blitt overhalde. Merking av kjemikaliar, avfall og farleg avfall var også delvis mangelfull.

I rapporten frå synfaringa minner SFT også bustyret om at dei ikkje kan eksportere kassert utstyr ut av landet utan løyve.

  • Det viktige for oss i slike saker er å kome inn raskt for å sikre miljøinteressene, seier Sorteberg.
  • Er det ofte slik at SFT finn brot på forureiningslova hos bedrifter som har økonomiske vanskar?
  • Det er nok dessverre ikkje heilt sjeldan at vi opplever det.

Pålegg

I rapporten peikar SFT på at bustyret ikkje har laga ein plan for korleis dei skal motverke ureining i nedkøyringsperioden.

SFT gjev no bustyret pålegg om å syte for at stoff som har blitt brukt i produksjonen, produksjonsutstyr og avfall blir teke hand om på ein miljømessig forsvarleg måte. Farleg avfall skal leverast til godkjent mottak før nedlegging. Bustyret skal gjere greie for planlagde tiltak for å motverke ureining i samband med avviklinga, og har fått frist til 1. mars med dette. Innan 1. mai skal dei dessutan ha levert ein sluttrapport.

— Pålegga er gitt på grunnlag av at konkursbuet har overteke og vidareført ei verksemd, der det blir oppbevart farleg avfall, helse- og miljøfarlege kjemikaliar og andre produkt. Dersom avfallet og produkta ikkje blir disponert på ein forsvarleg måte, vil dette kunne føre til at helse- og miljøfarlege stoff blir spreidde i naturen.

Det lukkast ikkje BT å få kommentar frå leiinga ved Fundo i går kveld.

SLUTT: Det var vemodig stemning på Fundo i går då NAV orienterte om rettane til dei tilsette. - Trasig at det slutta slik, seier Nils Brekke (fremst med briller), som har jobba på Fundo sidan 1. april 1975. No har SFT under ei synfaring funne fleire brot på forureiningslova ved verksemda.
oddleiv apneseth