I august har Roger og Anna Bergerud vore gift i 30 år. Den beste presangen fekk dei på forskot då ringen som Roger mista kom til rette.

— Eg har gått og kjent på denne fingeren, eg var jo vant med å ha ein ring der. Men om ikkje vi har ring, så er vi godt gift for det, seier Bergerud.

Bensin og olje

Han lot være å kjøpe ny ring då han mista den ein kald oktoberkveld for to og eit halvt år sidan. Bilmekanikaren hadde skrudd på den gamle Golf’en sin og prøvekøyrd han etterpå.

— Eg var full av bensin og olje på hendene og då eg vaska dei, såg eg at ringen var vekk, fortel han.

Han leita både i bilen og langs ruten han hadde køyrd, men ringen var sporlaust borte. Han rekna med at han låg på gata ein plass og at han ville komme til rette før eller sidan. Difor kjøpte han ikkje ny ring. Då han såg biletet av ringen og sin gamle bil i Sogn Avis, visste han med ein gong at det var rett ring.

— Ja, då eg las om ringen, skjønte eg at der var han komen. Eg var ikkje i tvil, og både kona og eg vart glad for dette, seier Bergerud.

Lukkeleg

Også eigaren av bilen, Adrianne Kvam, synes det var gøy med ei løysing på saka.

— Det var ein særs lukkeleg mann som fekk ringen sin att, og han visste alle tal og navn som sto i ringen, så det var aldri noko tvil om at det var Bergerud sin ring, seier ho.

Den 1. august blir det feiring av 30 års bryllupsdag. Med ring på fingeren.

— Ja, eg trur det er perlebryllup det kalles, og då blir det feiring med brask og bram, som det heiter, seier han med ein god latter.