I tretida natt til laurdag fekk politiet melding om at det låg ein blødande mann i gata i Måløy sentrum. Politiet tilkalla ambulanse som tok hand om den skadde mannen. Ifølgje politiet skal ikkje skadane vere livstrugande.

– Ein person skal ha blitt slått ned. Politiet er kjent med identiteten til gjerningsmannen, seier operasjonsleiar Per Rimmen i Sogn og Fjordane politidistrikt til bt.no.