Den 17 fot store landstadbåten låg i Sognefjorden med kjølen i vêret. Båten har fått store skader. Operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier politiet no ikkje trur det har skjedd noko ulukke.

– Men vi veit ikkje kven som eig båten, seier Rimmen.

Også tidlegare søndag blei det observert ein båt på rek. Ein 15 fot stor trebåt blei teken hand om på Svanøy ved innløpet til Førdefjorden. Heller ikkje der veit politiet kven som eig båten. Politiet ber no om at folk som kan vere eigarar av dei to rekande båtane tek kontakt.

– Vi er inne i ei årstid der det er på tide at folk sjekkar fortøyingane sine, konkluderer Rimmen, og minner om at det er meldt om flo over normalen langs heile norskekysten.