Blant dei utgåver av VG med omtale av Anne Slåttens gravferd og lokalavisa med ei detaljert oversikt over drapssaka.

— Eg fann det påfallande, sa politibetjent Gunnar Englund, som leia husransakinga heime hjå 42-åringen etter at han var pågripen og sikta for drapet.

Ifølgje Englund var to av avisene utgåver av Oppland Arbeiderblad med ein annan abonnents navn påtrykt, to VG og ei av lokalavisa Firda.

Av dei tre sistnemde var to frå 16. juni 2004, der VG inneheldt oppslag frå Anne Slåttens gravferd og Firda hadde stort oppslag med detaljert oversikt over drapssaka.

På spørsmål frå forsvarar Ivar Blikra stadfesta Englund at det ikkje var understrekningar eller noko anna spesielt i desse avisene.

Elles skildra politibetjenten eit skittent, rotete hus som formeleg flaut over av pornografi. Han gjekk detaljert gjennom kva dei fann, rom for rom i huset.

— I sum vart det 916 pornofilmar, 3200 pornobilder og pornoblad og 230 nakenbilder av tiltalte sjølv. Vi formelg vassa i porno, sa Englund i si forklaring for retten torsdag føremiddag.

<b>FORKLARTE SEG: </b>42-åringen forklarte seg i retten mandag.<br/>TEGNING: GRO VIK