Da tiltalte og Hedda kom tilbake til folkehøgskulen etter konserten drapsnatta, skal dei ifølgje tiltaltes forklaring ha møtt to ungdommar inne på skuleområdet.

Ifølgje tiltalte snakka dei til Hedda, og ho følgde med dei medan han venta i opptil ein halvtime før ho kom tilbake.

Dette er bakgrunnen for at tiltalte hevdar han vart så sjalu at han miste kontrollen og kvelte henne; fordi han skal ha trudd ho hadde hatt sex med ungdommane.

I ettertid har politiet prøvd å finne desse to som heilt sentrale vitner, men utan å lukkast.

— Omtrent 30 vitne i folkehøgskulemiljøet er avhøyrt, i tillegg hadde vi rundspørring i miljøet der vi truleg nådde alle. Seinare prata vi med alle desse ein og ein, forklarte den lokale etterforskingsleiaren, lensmann Haavard Stensvand i retten onsdag morgon.

— Men på det siste stykket inn mot folkehøgskulen har vi ingen observasjonar av tiltalte og Hedda, erkjente lensmannen.

— Ein somaliar kala Mustafa var den siste som såg dei, eit par hundre meter frå skuleområdet. Politiet diskuterte korvidt nye undersøkingar måtte til på bakgrunn av tiltaltes forklaring om dei to ukjente gutane.

Og i april gjennomførte dei eit møte på skulen, der fem konkrete spørsmål rundt Hedda og drapsnatta vart stilt i plenum, deretter berre med elevane på Heddas internatfløy.

— Ingenting nytt kom fram. Og folk som stod Hedda nær, avviste dessutan at Hedda kunne ha hatt besøk av tiltalte på hybelen fleire ganger i tida før drapet, sa lensmannen.

— Kor sikker er du på at desse to ikkje finst, ville aktor jørn Soknes vite.

— Vi har ikkje funne nokon opplysningar om at desse to eksisterer, ikkje ut over tiltalte si eiga forklaring, svara lensmannen.

<b>STUDERER MATERIALET: </b>Teknikarar og forsvarar studerer bilete og material frå åstaden. T. h. Herman Hoff, Inge Morild og Håvard Arntzen. Sitjande Finn Rotten.<br/> TEIKNING: GRO VIK