– Gråpus hang i eit tau. Me tok han ned og sprang for å henta pappa, fortel Sebastian Dreyer til Sunnhordland.

Onsdag fann han og søstera familiens katt på hengande frå eit klesstativ på naboeigedommen på Hystad på Stord. Då hadde katten vore sakna i fleire veker, noko som aldri hadde skjedd før.

Meld til politiet

– Kanskje er det nokon ungar som har tulla seg og hengt Gråpus opp i snora. Me skjønnar ikkje kvifor dei ville gjera slikt. Me var jo så glad i han, seier Sebastian.

Mamma Gunn Tove Dreyer er sjokkert over kattedrapet og har meld saka til politiet.

– Eg kan lova at det ikkje var hyggjeleg for barna å finna katten sin død. Dette er ei alvorleg sak, seier Dreyer.

— Aldri høyrt om liknande

Politiet ser alvorleg på det bestialske drapet og vil etterforske saka.

– Me kjem heldigvis sjeldan borti slike saker. Eg har aldri høyrt om at nokon har drepe ein katt på ein slik bestialsk måte før. Å drepa eit dyr som høyrer til andre er straffbart, seier operasjonsleiar Terje Tonning, frå Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Jane C. S. Jünger, Sunnhordland.