— Skivene er litt tørre, men elles like fine. Dei er ikkje mugla og det har ikkje vore mus på dei, seier huseigar Olav Lutro.

Det var snekker Øyvind Mannsåker som gjorde det utrulege funnet, skriv Hardanger Folkeblad. At matpakken er over 50 år gamal er det ingen tvil om. Huset vart bygd i 1951, og veggen har ikkje vore opna sidan.

Snekkaren gjekk straks til eigarane av huset for å fortelja kva han hadde funne i veggen. Dei kunne knapt tru det. Ei tom vørterøl og ein matpakke, som etter 55 år framleis er intakt: tre skiver med ekte geitost.

Dessutan kan Olav sjå at det er langebrød frå bakar Brekke.

— Eg kjenner igjen dette brødet ja, seier han.

Om ein av arbeidarane har gløymd maten på bjelken, eller om det var ein spøk for ettertida, kan ein ikkje vite, men matpakken har uansett klart seg i så mange år utan teikn til mygl.

— Det er tydeleg at dei bygde solide hus før i tida, seier ei imponert Bjørnhild til Hardanger Folkeblad.

Inntil vidare ligg den gamle matpakka i garasjen. Bjørnhild lurer på kva dei skal gjera med den vidare. Det er kanskje for gale å kasta den etter så lang tid undrar ho.

— Om ikkje slektningane til eigaren av matpakken vil ha den, vil kanskje NVIM ( Norsk Vasskraft -og Industristadmuseum journ. anm.) ha den, spøkjer ekteparet i Opheimsvegen.

UTAN MYGL: Snekkaren som jobbar på huset til Olav Lutro (biletet) fann ei 55 år gammal matpakke i veggen.
Ivar Lutro