• Det kom noko svært oppunder båtsida. Det var som eit heilt flak, fortel hobbyfiskar Åge Opsanger. «Flaket» var ein 158 centimeters breiflabb på 69 kilo.

Laurdag morgon ved Lauvøya i Kvinnherad. I strålande vintervêr er Åge Opsanger og kona Anne Bodil ute for å trekkja garn.

— Først fekk me noko torsk, så ein breiflabb på ti kilo, så kom det noko svært oppunder sida, fortel Åge Opsanger.

Hobbyfiskaren tok kleppen og fekk godt tak i kjeven, men beistet var så tungt at kona måtte hjelpa han å dra.

  • Eg har bore mange 40 kilos sementsekker. Eg kjende fort at denne var tyngre. Det var eit grådig beist, seier Åge.

Det blei trongt om plassen i den vesle fiskebåten, då den halvannan meter lange ruggen omsider kom om bord.

— Han tok sin plass i båten, men låg stort sett i ro og oppførde seg fint.

Vel på land fekk fiskarane nok ei overrasking.

— Rogna såg ut som ei flat avis, men då me drog ho ut var ho 12 meter lang og heile 22 kilo tung, fortel Opsanger.

- Drapsmaskin

Ved Havforskingsinstituttet i Bergen er dei redde for å utropa 69 kilos ruggen til ny rekord.

— Det er utvilsamt ein kjempestor breiflabb. Det er farleg å seia at det er rekord, men det er den største vi nokon gang har registrert i prøvematerialet vårt, seier forskingsleiar Reidar Toresen.

Han trur breiflabben kan ha vore kring 20 år gammal, då ho enda livet sitt i garnet ved Lauvøya i helga.

Rovfisken har nok lokka mang ein småfisk til seg, der han har lege på botnen og lokka med «fiskestonga» over det glefsande gapet.

— Har ein fisk først glidd inn i munnen, er det nesten umuleg å trekkja han ut att. Tennene er nemleg sylskarpe og grip fatt i byttet. Breiflabb kan også ta dykkande ender. Det er ein skikkeleg drapsmaskin, fortel Toresen.

- Festmåltid

I følgje forskingsleiaren lever breiflabben i store delar av Nordsjøen. Dei gyter langs Skottland og Shetland og finst langs heile norskekysten.

— Opp gjennom tidene har folk ofte sett på breiflabb som ein ufisk fordi han er så stygg. Men kjøtet er nydeleg, nesten som hummar, seier Toresen.

Og festmåltid skal det bli av breikjeften. På Handeland Gjestegard ligg no 15 kilo filet klar i frysaren.

— No er det berre å venta på eit godt høve til eit festmåltid. Me serverer ofte bakt breiflabb med bacon, gode grønsaker og med ein god rekesaus til, seier Linn Stene Hellås, dagleg leiar på Handeland Gjestegard til bt.no.