Seks område i landet plukka ut som prøveområde for heimesoning. I Kriminalomsorga region vest blei Sogn og Fjordane valt framfor Møre og Romsdal, som også hadde søkt om å få ta del i pilotprosjektet.

Fleire straffedømde frå Sogn og Fjordane har alt søkt om å få gjere unna fengselsstraffa i eigen bustad. Direktør Per Sigurd Våge i Kriminalomsorga på Vestlandet seier til Sunnmørsposten at dei første truleg vil starte soning med lenkje i august.

Kriminalomsorga skal avgjere om ein straffedømd er eigna til å sone straffa slik.

To grupper fangar er plukka ut til å vere med i forsøksprosjektet. Den eine er dei som blir dømde for mindre alvorlege forhold, der straffa er inntil fire månader i fengsel. Til den andre gruppa høyrer kriminelle med lengre dommar som snart er ferdige med soninga. Dei vil kunne få elektronisk fotlenkje som ein del av arbeidet med å føre dei tilbake til samfunnet.

Fangane blir haldne under oppsyn ved hjelp av GSM-systemet. Dersom dei straffedømde går inn i område utan mobilsamband, går alarmen.

Er det riktig å la straffedømde få sone heime? Diskutér saka her!