Fangar manglar omega 3
Innsette i Bergen fengsel har lite omega 3 feittsyrer i blodet, viser nye tal. Ifølgje tidlegare forsking kan det gje dårlegare impulskontroll og meir valdeleg oppførsel.
- Publisert: 30.okt.2006 06:00
- Oppdatert: 30.okt.2006 07:14
Over jul kjem resultatet av eit toårig forskingsprosjekt, som skal undersøke om folk får betre impulskontroll av å ete sjømat.
I alt 55 fangar i Bergen fengsel er med i prosjektet, der halvparten har ete som før medan halvparten har fått feit fisk til middag.
Før prosjektet byrja vart fangane undersøkte. Mellom anna vart omega 3-nivået i blodet sjekka, og det er dei tala som no er klare.
Dei viser at fangane generelt hadde svært lite omega 3 i blodet, noko som betyr at dei knapt et fisk eller tek tran.
Fisk mot ADHD
Det låge omega 3-nivået har truleg innverknad på impulskontrollen til fangane, seier forskar og ernærngsfysiolog Lisbeth Dahl, ved Nasjonalt institutt for ernærings og sjømatforskning (NISEF).
– Det er fleire studier som viser at omega 3 påverkar den evna dei har til å resonere og ta beslutningar - at dei tenkjer seg litt bedre om, rett og slett, seier ho.
I Durham i England påviste ei slik studie at barn som låg klårt etter jamnaldringar i leseferdigheiter nådde att dei andre etter å ha tatt trankapslar i tre månader.
Studien viste òg at hyperaktivitet vart redusert i løpet av same periode.
Og det er ikkje minst det siste som er viktig når det gjeld fangar. Ein studie frå Trondheim fengsel viser at personar med ADHD var sterkt overrepresentert.
Forskarane reknar med at det er ein samanheng mellom hyperaktivitet og impulskontroll. Studien i Bergen vil i så fall kunne seie noko om omega 3 er like eigna til å få folk til å tenkje seg nøyare om som å roe dei ned.
Fisk, ikkje omega 3-kapslar
Men medan andre studier har brukt omega 3-kapslar, er det viktig for forskarane i Beregn å få i folk ekte vare: Feit fisk.
– Poenget for oss er at det er viktig for folk å ete fisk og ikkje kapslar, fordi fisken inneheld mange fleire næringsstoff enn omega 3. Det er viktig med protein, D-vitamin og B-vitamin. Det å ha ein dårleg ernæringsstatus er i dei fleste tilfelle ugunstig, seier Dahl.
Bilder
3 mest leste artikler »
-
Den store IQ-testen
Hvor mye har du egentlig å fare med? Forsøk deg på vår store IQ-test her.
-
Må rive ned hytta
For første gong i Norge er ein hytteeigar dømt til å rive hytta si.
Følg alle skip direkte
Bt.no har mange digitale tjenester. Her kan du følge skipstrafikken i Hordaland minutt for minutt.
På forsiden nå
- 22:46 Tankskip på grunn med ni millioner dieselolje
- 22:30 Stortorsken
- 22:24 Joda, det finnes overvektige i Bergen
- 22:03 Brann i enebolig
- 21:16 Ung film i farten
- 20:43 Må rive ned hytta
- 20:29 Han som ble igjen
- 20:03 Se Vaulars nye video
- 19:30 Nå skjer det ikke mer her
- 18:43 Frakjørt igjen













































