Natt til i går var det innbrot i bedrifta Kantek i Øystese i Kvam herad.

Det vart stjålet minst to bærbare datamaskiner og kontantar.

I går ettermiddag vart to vaksne karar tatt i Norheimsund.

— Dei to kom køyrande på ein moped. Like i nærleiken av der karane vart stogga, fant vi tjuvegodset frå Kantek. Dette er karar som ikkje er ukjende for politiet, men dei nekta eit kvart kjennskap til tjuvegodset, fortel vakthavande ved Kvam lensmannskontor til bt.no.