Berre minuttar etter at tjuvane hadde teke seg over gjerdet til bilopphoggaren i Sagvåg på Stord seint onsdag kveld, var innehavar Thor Jarle Slevigen (50) på plass med ein medarbeidar og dobermannhunden sin.

Dei fann etter kvart dei to litauarane i 20-åra, drog dei fram frå gøymestaden under ein bil og sperra dei inne i ein kassabil til politiet kom ein time etterpå.

Hundefangarbil

— Vi plasserte dei i ein gammal såkalla hundefangarbil, sperra bakdørane med ein annan bil og venta til politiet kom frå Haugesund, fortel Thor Jarle Slevigen.

— Eg bur berre tre hundre meter unna, og var kjapt på pletten då eg blei varsla av alarmen.

**Vi drog begge fram, rista dei litt

og plasserte dei i kassabilen.** Thor Jarle Slevigen

Idet Slevigen og kollegaen først kom til arbeidsplassen i 22-tida, oppdaga dei ingen uvedkomande. Men då ein annan tilsett - han sat heime og observerte det heile på webkamera - opplyste Slevigen om at tjuvane var der, leita dei seg fram til eit par føter som stakk ut under ein bil.

«Rista dei litt»

— Vi drog begge fram, rista dei litt og plasserte dei i kassabilen. Begge snakka noko engelsk, spelte uskuldige og sa dei hadde blitt forklart at det var fritt fram å forsyna seg med bildeler. Rart då at dei hadde gøymt unna sin eigen bil og klatra over vårt to meter høge gjerde, seier Thor Jarle Slevigen.

— Dei kom frå Bergen, og prøvde å demontera utstyr frå bilane våre. Det såg elles ut til at dei har vore borti tvilsame ting tidlegare, for i bilen deira låg det blant anna ei kvittering for levert kopar for 44.000 kroner, forklarar bilopphoggaren frå Sagvåg. Slevigen har drive i bransjen sidan 1989, dei siste 16 åra på denne staden.

«Pågrepet på fersk gjerning»

I loggen til Haugaland og Sunnhordland politidistrikt sendt ut torsdag morgon er tjuveriforsøket hos Stord Bildemontering registrert slik:

«FORSØK PÅ TYVERI, SAGVÅG, STORD.

Klokken 2159, to menn i 20-årene pågrepet på fersk gjerning i det de hadde tatt seg inn på et anlegg for bildemontering.

Begge to innsatt i varetekt i påvente av videre etterforskning.»

Jaga opp i tre

Stord Bildemontering har også tidlegare hatt uvedkomande som har teke seg inn til dei avskilta bilane på området. Tidlegare i år merka Thor Jarle Slevigen sin hund noko som eigaren trudde var ein katt inne blant bilane. Hunden sette etter, og etterpå kunne Slevigen sjå at hunden hadde jaga ein ungdom høgt opp i eit tre.

— Akkurat det tilfellet gjekk eg ikkje til politiet med. For vår del er det heller ikkje så viktig at dei to litauerane blir strengt straffa for det dei prøvde på hos oss. Men eg får håpa dette kan føra politiet vidare til eventuelt andre kriminelle ting dei har vore borti, seier Slevigen.

Tips om liknande saker? Send MMS/SMS til 2211, eller skriv e-post

PÅ FERSKEN: Bilopphoggar Thor Jarle Slevigen til h. observerer dei to litauarane bli avhøyrt av politiet bak den kvite kassebilen der Slevigen og medarbeidarane plasserte inntrengjarane.
PRIVAT