På veg heim frå fotballturnering på Gol stod dei 23 Mongstad-tilsette i kø for å stige av toget på Arna stasjon. Kun åtte rakk å komme seg ut før dørene klappa igjen og NSB tok med dei 15 siste på ufrivillig kveldstur til Bergen.

Eit forskrekka følgje av bedriftsfotballspelarar opplevde at dørene klappa igjen midt i rekka. Toget byrja å gå medan berre seks-sju første i gruppa hadde klart å komme seg av. Nummer sju og åtte måtte hoppe av i fart.

Måtte hoppe i fart

– Sistemann var ute på stigtrinnet da toget gjekk. Han kom knapt ut eller inn, og måtte berre slite bagasjen laus frå dørene og hoppe ned på perrongen, fortel Jane Feste, som hadde ansvaret for spelargruppa på 23 frå Statoil Mongstad.

Feste er leiar for fotballgruppa i bedriftsidrettslaget, og var på veg heim med to herrelag og eitt damelag frå turnering på Gol forrige søndag.

Etter avgang frå Gol kjøpte ho ein felles billett for heile gruppa til Arna stasjon, siste stoppestad før Bergen Sentralstasjon.

– Da vi kom til Arna, stod alle ferdig påkledde og opplina inne i vogna. Utanfor togstasjonen i Arna stod ein leigebuss klar og venta på oss, seier Feste.

– Ingenting å snakke om

Ein av dei som hoppa av i fart, fortel at berre flaksen gjorde at dei ikkje traff noko eller nokon på perrongen.

– Det gjekk bra berre fordi vi var relativt unge og i fin form, fortel mannen.

Da han tok opp episoden med personalet på Arna stasjon, fekk han vite at dette var nærast normalt og ingenting å snakke om.

I mellomtida reiste dei 15 andre i følget vidare til Bergen, der dei relativt raskt kom seg over på eit lokaltog som returnerte til Arna.

– Konduktøren ville ha betaling for billetten, men da sa eg nei. Han lo litt, spurte kven som skulle betale. Ingen, fordi det var NSB si skuld at vi måtte ta toget tilbake. Da han såg bagasjen, skjøna han kva som hadde skjedd og tok ikkje billett, fortel Jane Feste. – All honnør til han for det.

Mest av alt er ho opprørt fordi ingen av dei to konduktørane var å sjå korkje inne i vogna eller ute på perrongen.

– Eg hadde kjøpt ein fellesbillett frå konduktøren, så den eine visste godt at så mange skulle av der.

Beklagar omsider

– Ein liten ekstratur til sentrum. Er det så mykje å klage på da?

– Ja, det meiner eg. Vi brukte nesten ti tusen kroner på fellesbilletten, hadde leigebuss som venta, vart forsinka heim og fekk ei utriveleg oppleving. Og med tanke på tryggleiken var jo dette heilt gale, seier ho.

Informasjonssjef Preben Colstrup i NSB poengterer at det alltid er passasjerane sitt eige ansvar å komme seg av og på toget i tide.

– Men sjølvsagt skal ikkje toget gå medan folk held på å stige av. Men det kan ha vore ein pause i avstiginga, og så har toget gått, påpeikar Colstrup.

Etter at informasjonssjefen har fått vite at gruppa kjøpte ein fellesbillett til Arna, og undersøkt saka internt, går han med på at NSB faktisk har eit ansvar for det som skjedde.

– Vi har gjort ein feil, og da er saka annleis. Vi seier oss lei for hendinga. Samtidig er vi glade for at slikt kjem fram, slik at vi kan gjere det bedre neste gang.