— Det er ny norsk rekord for ein fridykkar, fortel Børje Møster. Møster, som sjølv hadde den gamle rekorden på 14,3 kilo, arrangerer i går og i dag eit treff for undervassjegerar ved Fosenstraumen.

— Det er om lag 30 undervassjegerar her, og dei fleste overnattar i telt, seier han. Steinbiten vart tatt 14.30 i går, og då vi prata med Møster i 19.00-tida, låg fisken allereie filetert på grillen i den varme sommarkvelden.

Sjølv om steinbiten kan bite over nær kva som helst, er det ikkje farleg å jakte på han, ifølgje Møster. - Som fridykkar er det ikkje noko problem fordi utan flasker og anna utstyr er du rask og fleksibel, og kan symje fort vekk.