LENA VERMEDAL

— Klarer du å halda dei, spør sauebonde Tore Atle Sørheim til barnebarnet Mari. - Ja, svarer seksåringen optimistisk. Dei viltre små ullete nøsta har ein annan plan. Målmedvite sprett dei unna og tek kurs ut av båsen. Sauemamma nummer 325 er litt stressa. Ho har fem ungar å fø på og berre to spener.

Etter at lokalavisa Sunnhordland skreiv om dei små vidundera hennar, kom både barnehagebarn og endå fleire pressefolk rekande.

— No ventar me på fostermødrer som kan hjelpa til med matinga, seier Tore Atle Sørheim. Det er første gang ei av sauene hans får femlingar, og mammaen har litt av ei merittliste å vise til. I 2000 fekk ho to lam, 2001 - tre lam, 2002 - fire lam, 2003 - fire lam, 2004 - fire lam og i år altså fem.

— Det er ikkje unikt, men heller ikkje vanleg, seier Sørheim, som er leiar i Stord sau- og geitalslag. Tysdag fekk han ein sms frå bømlingen Jarle Eikemo som avslører skikkeleg konkurranseinstinkt mellom bøndene.

— Sauen hans fekk 25 lam på fem år. Det er i alle høve unikt, seier Sørheim.

For Mari er våren ei kjekk tid.

— Det er veldig gøy når sauene er jenter. Då får me så mange nye sauer.

I famnen hennar finn femlingane til slutt roa. Eit av lamma gir blaffen i blitsinga frå fotografen og ser ut til å sovna med hovudet mot kinnet til seksåringen. Lukka er vårlam i april.

LAMMEKVINTETTEN: Mari Sørheim (6) koser seg i sauefjøset til bestefar Tore Atle Sørheim på Stord. - Eg er glad i alle saman, seier ho og tek godt tak rundt dei nyfødde femlingane.<br/>Foto: JAN M. LILLEBØ