Bilturen for familien på fire tok ein brå slutt like etter at den store familiebilen hadde passert Knottatunnelen på E16 i retning mot Voss like før klokka 14.30 laurdag.

I ein slakk venstresving kom hjula på høgre side utfor asfaltkanten og gjekk rett fram nærare 50 meter til bilen støytte mot ein liten bergknaus. Samanstøyten vart såpass hard at høgre sida av bilfronten vart trykt godt saman. Bilen dreia nærmare 180 grader og vart ståande midt i vegen, med front mot Bergen.

Kvinna, som sat i høgre framsete, måtte skjerast laus frå vraket. Ho fekk hjelp av lege og ambulansepersonell på staden, og vart etter kort tid send til Haukeland sykehus med helikopter.

Stoda til kvinna er stabil, og ifylgje sjukehuset er ho lettare skadd.

Dei tre andre i familien vart først tekne hand om av trafikantar som kom til, deretter av helsepersonell. Dei vart alle sende med ambulanse til Voss sjukehus til observasjon. Politiet er mest redd for at minstemann, som sat i barnesete, kan ha fått fysisk skade.

Ingen andre bilar var involvert i ulykka.

KRASJET: Bilen traff den lille fjellknausen til høyre og ble kastet inn igjen på veien med fronten i motsatt kjøreretning.
FOTO. ARNE HOFSETH