ERLEND SPURKELAND (tekst og foto)

— Det gjekk ikkje heimover på den lovlege sida av åtti, seier Kurt Fosse. Han fortel om korleis han undervegs ringde heim, utan å få svar. Om dei redde tankane som vart verre då han kom over haugen og fekk sjå flammane som stod åtte-ti meter over huset. Med brannbilar og flokken av alvorlege menneske rundt.

Ferdig med oppussing

Dei to eldste ungane var på austlandsferie med besteforeldra. Kona og dei tre yngste var heime då han drog på jobb. No visste ingen kor dei var. Kurt frykta det verste. Heilt til telefonen frå svigerforeldra nådde han. Familien var i Åsane på tur. Dei var trygge.

— Då betyr ikkje dei materielle tapa noko lenger, konkluderer han.

No står han framfor huset saman med kona Anita. Det ryk frå oskehaugen, frå det som var heimen deira og som dei var ferdige med å pussa opp kvelden før. Berre listinga stod igjen.

Brannvesenet og dei forvitne har drege heim. Kurt og Anita held kvarandre i hendene. Mobiltelefonen ringjer, og dei fortel brannhistoria nok ein gong. Over området ligg ein sur eim av røyk. Nokre vener kjem til. Det vert omfamning med blanding av latter og gråt. Og sjølvsagt spekulasjonar om brannårsak.

Ribba for alt

Dei fem i familien som var heime då brannen braut ut, har berre att det dei står og går i. Huset var forsikra, men minnetinga, alle bileta med familiehistoria, bileta frå reisene, kan aldri erstattast.

— Brannar er slikt me les om i avisene, slikt som ein trur berre skjer andre, seier Kurt.

Han skulle snart på eittårig prosjekt for Statoil i Spania, og heile familien skulle vera med.

— Men det lyt vert vel utsetjast no, undrar ekteparet Fosse. For huset vil dei byggja opp att. På same staden.

To bilar som stod på eigedommen vart òg øydelagde i brannen. Det var ei stund fare for at desse kunne eksplodera.

No flyttar familien førebels inn hos svigerforeldra.

Brannårsaka er førebels ukjend.

BERGA LEIKE: Veslejenta Birgitte Angelica viser stolt fram ein sjølvlaga leike frå leikehuset i skogen attmed. - Godt at denne ikkje var i huset, slår ho fast. Anita og Kurt Fosse var nett ferdige med å pusse opp heimen då huset brann ned.<p/>ERLEND SPURKELAND (tekst og foto)
BRANN NED TIL GRUNNEN: Brannen braut ut ved 15-tida. Det var naboar som varsla brannvesenet. Dei var raskt på staden, men huset var allereie overtent. ERLEND SPURKELAND (tekst og foto)